Strutseveng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Strutseveng
Strutseveng
Strutseveng
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Klasse: Bregnar Polypodiopsida
Underklasse: Polypodiidae
Orden: Sisselrotordenen Polypodiales
Underorden: Aspleniineae
Familie: Onocleaceae
Slekt: Matteuccia
Art: Strutseveng M. struthiopteris
Vitskapleg namn
Matteuccia struthiopteris

Strutseveng er ein art av bregnar.

Strutsevengplantane vert 70-170 cm høge og er lett kjennelege på sine høgreiste, symmetriske og opprette former, storleiken og den klart grøne fargen.

Strutsevengslekta har ulike fertile blad og vegetative blad.

Dei sterile, store og klargrøne blada står i ein perfekt rosett, som sirkulært utståande «vifter» eller ei «trakt». Dei er fint lodne og breiast nesten øvst nær spissen, og flikblada blir gradvis kortare (og bladet smalare) nedover bladstengelen.

Blada som ber sporar og er fertile, er brune og ber sporar ganske seint i sesongen. Dei står vinteren igjennom, og er langt mindre enn dei sterile blada. Dei sporeberande fruktbare blada er også breiast øvst, men flikane her er enkle og står tett. Under den innrulla bladkanten sit sporehushopane ,’’sori’’, i 1-2 rekker.

Kromosomtalet (x) er 39 eller 40 (2n=78 eller 80). Den høge, vertikale planta brukast som grønsak både i Japan og i det nordaustlege USA.

Strutseveng er i Noreg sjeldan på Vestlandet og i Finnmark, men veks elles både langs kysten og i innlandet, men mindre i Rogaland og Agder enn på Austlandet.

Planta trivst langs elvar og bekkar, flaummark, beitemark, og på fuktige elvebreidder og skråningar. I Noreg går strutseving opp til 740 moh. i Tolga, og opp til 940 moh. i Lærdal.

Samanrulla skot av strutseveng kjend som felehovud kan brukast til mat.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]