Sunna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sunna (arabisk سنة, 'oppgått sti') er ei nemning som finst i fleire retningar av islam (ikkje berre sunniislam). Ordet blir ofte omsett med 'tradisjon'.

I sunniislam betyr sunna dei religiøse handlingane som vart innført av Muhammed i løpet av hans 23 år som leiar, og som muslimane først mottok gjennom konsensus mellom Muhammed sine disiplar (Sahaba), og vidare vart overført frå generasjon til generasjon. Nokre meiner at sunna eigentleg består av dei religiøse handlingane som vart innført av Abraham og berre vart attoppliva av Muhammed.

Spørsmålet om hadith (ar. حديث pl. أحاديث, Muhammed sine ord og handlingar) fell innanfor omgrepet sunna er omstridt eller vil avhenge av konteksten. Innanfor islamsk lov, skil Imam Malik- og Hanafi-tilhengarane mellom sunna og hadith. Imam Malik er for eksempel sagt å ha avslått hadithreglar som ifølgje han var i strid med «etablert praksis hos folket i Medina».

I sjiaislam betyr ordet sunna det som vart gjort, sagt og godkjent av Muhammed og dei tolv imamane som sjiamuslimane meiner vart valde ut av Gud for å ta over etter profeten og leie menneska i høve til alle sider av livet.

I samband med biografiske oppteikningar av Muhammed er Sunna synonymt med hadith, i og med at dei fleste av personlegdomstrekka til Muhammed er kjent gjennom skildringar av han, det han sa og det han gjorde.

Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.