Svalbard globale frøkvelv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 78°14′23″N 15°29′43″E

Inngangen til frøhvelvet.
Inngangstunellen til anlegget.
Lagring av frø i kassar inne i ein av fjellhallane. Kvar kasse rommer maksimalt 400 frøprøvar.[1]

Svalbard globale frøkvelv er ein frøbank i PlatåbergetSvalbard. Kvelvet er ein lagringsstad som ligg vel 120 meter inne i fjellet, om lag 2,5 km utanfor Longyearbyen. Det har plass til 4,5 millioner frøprøvar av nyttevekstar frå heile verda. Kvelvet består av tre lufttette skilde kammer i enden av ein lang tunnel.

Anlegget stod ferdig mot slutten av 2007, og opna i 2008. Frøbanken vart offisielt opna ved ein seremoni 26. februar 2008,[2] der mellom andre fredsprisvinnaren Wangari Maathai, statsminister Jens Stoltenberg, EU-president José Manuel Barroso og innpå 200 andre innbodne gjester var til stades. Dei første frøa vart plasserte i kvelvet i samband med opninga.[3]

Føremål[endre | endre wikiteksten]

Frøkvelvet er etablert for at genbankar rundt om i verda skal kunna ta vare på tryggleikskopiar av frøsamlingane sine,[4] og dermed sikra mat- og nytteplantar mot utrydding i lokale eller globale ulukker som krig, terrorisme, naturkatastrofar, plantesjukdomar og andre større trugsmål som kan utrydda plantane. Kvart land eig sitt eige genetiske materiale, men i tilfelle ein internasjonal krisesituasjon kan det gjerast tilgjengeleg for alle.[3] Ein låg temperatur vil stansa utviklinga til frøa og konservera dei i årevis. Dersom det er behov for det, kan frøa tinast opp frå lagringstemperaturen på minus 18 grader og verta spiredyktige på nytt.

På grunn av den syriske borgarkrigen flytta International Center for Agricultural Research in the Dry Areas (ICARDA) hovudkvarteret sitt frå Aleppo til Beirut i Libanon. Problem med å flytta frøa deira førte til det første frøuttaket frå Svalbard globale frøkvelv, i 2015.[5][6][7]

Anlegget[endre | endre wikiteksten]

Aluminiumsposar med frøprøvar.

Anlegget består av tre skilde fjellhallar som ligg drøyt 120 meter inne i fjellet. Dei er sprengde ut i fjellet der Gruve 3 låg tidlegare.[8] Plasseringa rundt 130 meter over havoverflata skal sikra anlegget mot havnivåstiging,[1] og hallane er konstruerte for å tole eit jordskjelv opp mot 10 på Richters skala.[9]

Kvar av dei tre hallane har plass til rundt 1,5 millionar frøprøvar. Kvar prøve består av rundt 500 frø i ein lufttett aluminiumspose. Prøvane er samla i kassar med maks 400 prøvar per kasse. Kassene blir forsegla av genbanken som sender prøvane.[1]

Fjellhallane har ein naturlrg temperatur på minus 3–6 grader,[10] men blir kjølt ned endå meir til minus 18 grader.[1] Den låge temperaturen dempar utviklinga til frøa, slik at dei kan lagrast i årevis. Ved behov kan frøa tinast opp frå lagringstemperaturen og spira.

Finansiering og drift[endre | endre wikiteksten]

Frøkvelvet kosta rundt 50 millioner kroner å føre opp.[2] Dette blei dekka av den norske staten. Statsbygg stod for oppføringa, og fekk også vidare ansvar for det tekniske anlegget og tryggleiken i frøkvelvet.[11] Lagringa er finansiert gjennom eit eige fond der blant anna Bill & Melinda Gates Foundation har bidratt med 30 millionar kroner.[8] Lagringa er dermed gratis for sluttbrukarane.

Anlegget tilhøyrer Landbruks- og matdepartementet, som samarbeider med Nordisk genressursenter (NordGen) og Global Crop Diversity Trust om den daglege drifta.[12][11]

Kunstutsmykking[endre | endre wikiteksten]

Utsmykking på inngangspartiet

Eit kunstverk laga av Dyveke Sanne utsmykkar inngangspartiet til Svalbard globale frøkvelv. Landbruks- og matdepartementet omtala i ei pressemelding i januar 2008 kunstverket slik[13]: «Taket og deler av fronten i det synlige inngangspartiet er fylt med trekanter av høyreflekterende, syrefast stål i forskjellige størrelser. Sammen med andre lysbrytende elementer som dichroisk speilglass og prismer, vil disse kaste omgivelsene og lyset tilbake i alle retninger. Bygget vil reflektere sollys og lys, alt etter årstid og tid på døgnet. I mørketiden vil andre lyskilder overta. Lyset utgjør en komplementær størrelse til det mørke som er gravd ut i permafrosten innenfor, og vil være med å signalisere frøhvelvets posisjon til enhver tid.» Kunstprosjektet vart produsert og gjennomført av Kunst i offentlige rom (KORO).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Mer om det fysiske anlegget. Regjeringen.no (2015-01-30).
  2. 2,0 2,1 Nordlys: DiCaprio kommer kanskje til Svalbard, presentert 19. januar 2008
  3. 3,0 3,1 Tore Ulabrand Johansen, «En frossen edens hage», VG, http://www.vg.no/nyheter/utenriks/klimatrusselen/artikkel.php?artid=518299, henta 28. februar 2008 
  4. Even Bratberg (2007): «Svalbard globale frøhvelv: Det perfekte frølager» – Ås Nytt, nr. 12, 2007.
  5. Doyle, Alister (21 September 2015), Syrian war spurs first withdrawal from doomsday Arctic seed vault, http://uk.reuters.com/article/2015/09/21/us-mideast-crisis-seeds-idUKKCN0RL1KA20150921, henta 22 September 2015 
  6. Robins-Early, Nick (22 September 2015), Syrian War Causes The Global Doomsday Seed Vault's First Withdrawal, http://www.huffingtonpost.com/entry/global-seed-vault-svalbard-syria_560152ebe4b00310edf87694, henta 24 September 2015 
  7. Reclaiming Syria's Seeds From An Icy Arctic Vault, 24 September 2015, http://www.npr.org/sections/thesalt/2015/09/24/443053665/scientists-tap-seed-vault-to-rebuild-a-vital-collection-stranded-by-war, henta 19 October 2015 
  8. 8,0 8,1 For varmt i frølageret på Svalbard. NRK Troms (2010-05-14).
  9. En moderne Noas ark. NRK (2008-02-27).
  10. «Study to Assess the Feasibility of Establishing a Svalbard Arctic Seed Depository for the International Community». Center for International Environment and Development Studies (Noragric), Agricultural University of Norway & Nordic Gene Bank (14. september 2004).
  11. 11,0 11,1 Fem år med frosne frø. Svalbardposten (2013-02-22).
  12. Fortsetter å eie frøene. Regjeringen.no (2015-01-30).
  13. Landbruks- og matdepartementet: Svalbard Globale frøhvelv: Kunsten er på plass, 29. januar 2008

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]