Svartraudstjert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Svartraudstjert
Foto: Carles Pastor
Foto: Carles Pastor
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: EN Sterkt truga[1]Utbreiinga av svartraudstjert
Utbreiinga av svartraudstjert
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Flugesnapparfamilien Muscicapidae
Slekt: Phoenicurus
Art: Svartraudstjert P. ochruros
Vitskapleg namn
Phoenicurus ochruros

Svartraudstjert (Phoenicurus ochruros) er ein fugl i flugesnapparfamilien.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Fuglen er om lag 14,5 cm lang og veg 14-20 gram. Hannen er om våren gråsvart på hovud, rygg og mage, og har lyse område på vengane og ein iaugefallande oransjeraud stjert. Hoa er anonymt gråbrunt farga og har brunraud stjert.

Læte[endre | endre wikiteksten]

Sangen består av pipetonar og kraftige triller og høyrest stri. I det nordlege Europa er svart raudstjert saman med svarttrasten av fuglane som først byrjar synge i gryet.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Svartrødstjert hekkar i Sør-Noreg nord til Trøndelag, i byområder, industriområde og enkelte andre stader med bygningar. Lengre sør i Europa hekkar han òg i karrige fjellområde. Arten har nordvestgrensa for den europeiske utbreiinga si i Noreg.[2] Arten har ei palearktisk utbreiing og hekker i Eurasia og i Marokko i Nord-Afrika. Delar av populasjonen er trekkfuglar som overvintrar i Middelhavsområdet, det nordlege Afrika så langt sør som Etiopia og Somalia, Midtausten, India og det søraustre Asia så langt aust som til Burma.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Det rår ikkje konsensus om kva for ei familie raudstjertane høyrer til. Tidlegare vart dei rekna til trastefamilien, men vert nå oftast plasserte i familien flugesnapparar i underfamilien Saxicolinae saman med t.d. buskskvettar og steinskvettar.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Hoa bygg eit relativt slurvete reir og legg fire til seks lysesblå til kvite egg. Ho rugar sidan einsam på egga i 12 til 16 dagar. Ungfuglane vert mata av begge foreldra i 12 til 19 dagar. Ofte førekjem to kull om året.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Fuglen et insekt og om hausten noko bær. Han finn maten på marka eller jagar forbiflygande insekt frå ein sitteplass.

Status og vern[endre | endre wikiteksten]

I år 2021 blei svartraudstjert oppgradert frå kategorien sårbar til sterkt truga (EN) på norsk raudliste for artar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Stokke BG, Dale S, Lislevand T, Jacobsen K-O, Strøm H og Solvang R (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av svartrødstjert Phoenicurus ochruros for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 25. november 2021
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 12. mars 2022. Henta 12. mars 2022.