Hopp til innhald

Svatsum kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svatsum kyrkje
Svatsum kirke
Foto: Jan-Tore Egge
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Sør-Gudbrandsdal
Sokn Svatsum
Fellesråd Gausdal
Type Åttekanta
Arkitekt Otto Hjort Friis
Teknikk Tømra
Material Tre
Innvigd 25. oktober 1860
Tårn Takryttar over våpenhuset
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol 1860
Døypefont 1860
Altartavle Christen Brun (1894) e. Carl Bloch
Sitjeplassar 250
Diverse Sakristi i aust 1920-åra. Glasmåleri av Sigrid Bleikastad 2010.
Kart
Svatsum kyrkje
61°19′09″N 9°51′21″E / 61.31916667°N 9.85583333°E / 61.31916667; 9.85583333
Wikimedia Commons: Svatsum kirke

Svatsum kyrkje er ei åttekantkyrkje frå 1860 i Gausdal kommune i Innlandet fylke.

Det har vore kyrkje på Svatsum sidan mellomalderen, og sidan 1725 har kyrkja stått nede i dalbotnen. I 1768 fekk denne kyrkja ei altartavle som var måla av Eistein Guttormsson Kjørrn. I 1860 vart det bygd ny kyrkje, og materialane frå gamlekyrkja vart nytta til å byggje Aulstad kyrkje, som dessutan fekk med seg det gamle inventaret.

Kyrkja som står på staden no, vart lafta av byggmeister Johann Eriksen frå Lillehammer. Ho vart pussa opp til jubileet i 2010, då det også vart sett inn glasmåleri i korveggane, laga av Sigrid Blekastad.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]