Ringebu stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ringebu stavkyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Sør-Gudbrandsdal
Sokn Ringebu
Fellesråd Ringebu
Type krosskyrkje
Teknikk stavverk og bindingsverk
Material tre
Innvigd kring 1220
 - Endringar Påbygg 1630, forlenga tårn, krossarmar og kor, nytt sakristi utført av Werner Olsen
Tårn over krysset
Portal Vestportal variant av Sogn/Valdres-portalane med dyremotiv
Kor rett avslutta kor
Preikestol av tre frå 1702, av Lars Jensen Borg
Døypefont i kleberstein frå 1100-talet
Altartavle frå 1686 av Johannes Lauritsen Skraastad
Diverse To krusifiks frå 1300-talet. Trestatue av Sankt Laurentius, ca. 1250.
Kart
Ringebu kyrkje
61°30′34″ N 10°10′23″ E
Wikimedia Commons: Ringebu stavkirke

Ringebu stavkyrkje er ei stavkyrkjeRingebu i Innlandet som vart bygd kring 1220.

Etter den lutherske reformasjonen vart kyrkja ombygd kring 1630 av byggmeister Werner Olsen. Det spesielle raude tårnet vart ferdig i 1631. Under ombygginga vart dei opphavlege tverrskipa, svalgang og apsis fjerna. Taket innvendig vart og senka.

Kyrkja vart for fyrste gong måla i 1717. På eitt tidspunkt var kyrkja heilt kvitmåla. I 1921 vart kyrkja restaurert. Under dette arbeidet vart dei opphavlege fargane tekne i bruk att.

Utgravingar[endre | endre wikiteksten]

Under arkeologiske utgravingar under kyrkja i perioden 1980-1981 vart det funne nær 900 myntar og også andre funn. Dei fleste av myntane er frå mellomalderen og er datert til rundt Håkon Håkonson si tid, 1217–1263, men det er også funne nokre engelske myntar frå 1023–1029.

Under kyrkja er det funne stolpehol etter ei eldre kyrkje som har stått på staden på 1100-talet. Denne kyrkja var ei såkalla stolpekyrkje som var vanleg før stavkyrkjene.

Under utgravingane vart det funne fleire kister under golvet og i tverrskipet. Framståande personar, og særleg prestar og familiane deira, vart nokre gonger gravlagt under golvet i kyrkja. Under Ringebu stavkyrkje ligg Baronesse Sophie Amalie Rosenkrantz frå Baroniet i Rosendal. Grunnen til at ho fekk plass var at ho gav fleire gjenstandar til kyrkja. Tyskaren oberstløytnant Poul Friedrich von Dresky i det Oplandske regiment vart gravlagd under kyrkja, og fekk også ei minnetavle hengt opp. Det er to andre minnetavler i kyrkja, etter sokneprest Christopher Kraft og familien hans.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]