Sverre Mauritzen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sverre Mauritzen
Fødd6. oktober 1943 (80 år)
Stavanger kommune
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, diplomat
Alle verv

Sverre Mauritzen (fødd 6. oktober 1943) er ein norsk næringslivsleiar og politikar frå Stavanger. Han representerte Rogaland og HøgreStortinget i tida 1981-93.

Far til Mauritzen var fabrikkeigar. Sverre Mauritzen tok realeksamen ved St. Svithun gymnas, examen artium ved Stavanger handelsgymnasium og i 1967 siviløkonom-eksamen Norges Handelshøyskole. Åra 1967-71 var han så seksjonssjef i Rieber & Søn Plastic-Industri AS i Bergen. Der etter var han til 1984 disponent i S. Mauritzens Sønner AS i heimbyen Stavanger, samstundes som han i seks år førelas i marknadsøkonomiske fag ved Rogaland distriktshøgskole.

Mauritzen var medlem i Stavanger bystyre og formannskap 1976-83. Ved stortingsvalet 1981 var han Rogaland Høgre sin fyrstekandidat og såleis «sikra» plass i det nye stortinget, og vart sidan attvald to gonger. Samstundes var han 1981-86 styreformann i AS Rogalandsbanken. På Stortinget var han alle tolv sesjonane med i Kommunal- og miljøvernkomitéen, nestleiar i komiteen 1989-93. Han var elles leiar 1984-92 i Høgre sitt kommunalutval.

Etter åra på Stortinget var Mauritzen i tre år ambassaderåd for kommunale og regionale spørsmål ved Norges faste delegasjon til Den europeiske unionen i Brussel. Sidan var han 1996-97 generalsekretær i Nordsjøsekretariatet, 1997-2003 sekretariatsleiar i Samarbeidsrådet for Vest- og Sørlandet og 2004-07 rådgjevar i internasjonale saker i Vestlandsrådet i Stavanger.

Mauritzen kom tilbake i politikken som medlem av fylkestinget i Rogaland frå 2011.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]