Hopp til innhald

Sverre Wilberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sverre Wilberg
Fødd24. desember 1929
FødestadFredrikstad i Østfold
Død19. juli 1996 (66 år)
DødsstadOslo
Verka somSkodespelar

Sverre Wilberg (fødd 24. september 1929 i Fredrikstad, død 19. juli 1996 i Oslo) var ein norsk skodespelar som er mest kjend frå rolla si som kriminalinspektør Hermansen i Olsenbanden-filmane. Han var ein stor del av karrieren sin tilsett ved Det norske teatret.

Wilberg vart utdanna ved det kongelege akademiet for drama Royal Academy of Dramatic Art i London mellom 1953 og 1955, og var tilsett ved Trøndelag Teater frå 1955 til 1958. Deretter hadde han oppgåver ved Folketeatret, Chat Noir, Oslo Nye Teater og Fjernsynsteatret. Frå 1971 var han ved Det norske teatret, der han spelte i fleire komediar som blant anna Pære i Ein midtsommernattsdrøm og som Amor i Geir Sveaas si oppsetning av Holberg sin Ulysses von Itachia. Han har òg spelt i realistiske stykke som blant anna direktøren i Stiftelsen av Antonio Buero Vallejo, fleire Brecht-karakterar, samt klassikaroppgåver som Kreon i Evripides sin Medea. På 1980-talet gjorde han seg merka som Gud i Goethe sin Faust og som Claudius i Hamlet.

Wilberg virka 42 år i norsk teaterliv, og dei siste 25 åra var han knytt til Det Norske Teatret der han spelte meir enn 100 ulike roller

Film og TV

[endre | endre wikiteksten]

Wilberg filmdebuterte i 1959 i 5 loddrett, og har ved sidan av rolla som Hermansen i 12 Olsenbanden-filmar, spelt i Smuglere (1968), Skulle det dukke opp flere lik, er det bare å ringe (1970) og Kamilla og tyven (1988). Han hadde den siste filmrolla si i Markus og Diana frå 1996. På TV har han blant anna vore å sjå i eit par gjesterolle i komiserien Mot i brøstet. Han var òg med i episoden Vinterferie av komiserien Fleksnes fataliteter. Episoden har likevel aldri vorte vist på TV, men er tilgjengeleg på DVD. Mot i brøstet-episoden I Søtaste Laget som Sverre Wilberg spelte doktor i, har seinare vorte tileigna han.

Filmografi (film og TV)

[endre | endre wikiteksten]
ÅrFilmRolle
1996Markus og DianaKelner
1996Mot i brøstet (TV-serie)Doktor
1988Kamilla og tyvenKelner
1984... men Olsenbanden var ikke død!Hermansen
1982Olsenbandens aller siste kuppHermansen
1981Olsen-bandens flugt over plankeværketNordmenn
1981Olsenbanden gir seg aldriHermansen
1979Olsenbanden og Dynamitt-Harry mot nye høyder Hermansen
1978Olsenbanden + Data-Harry sprenger verdensbankenHermansen
1977Olsenbanden og Dynamitt-Harry på sporetHermansen
1976Bør Børson IIIvar Zolen
1975Olsenbandens siste bedrifterHermansen
1975Min MarionFotografen
1974Olsenbanden møter Kongen & KnektenHermansen
1974Bør Børson Jr.Ivar Zolen
1973To fluer i ett smekkStreken
1973Olsenbanden og Dynamitt-Harry går amokHermansen
1972Når villdyret våknerColonel
1970Olsenbanden og Dynamitt-HarryHermansen
1970Skulle det dukke opp flere lik, er det bare å ringe …Politibetjent
1969Operasjon EgonHermansen
1968De ukjentes marked
1968Bare et liv - historien om Fridtjof Nansen
1968Smuglere
1968Sus og dus på by'nBilhandleren
1968Mannen som ikke kunne le
1967MarthaSkipsreder Amundsen
1966Før frostnettene
1964Klokker i måneskinn
1963VildandenLakei
19595 loddrettHovmester

Andre roller

[endre | endre wikiteksten]

Han har òg ei rolle i høyrespelet God aften, mitt navn er Cox: Den lille heksen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]