Folketeatret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Folketeaterbygningen og Youngstorget. Inngang til Folketeaterpassasjen og Folketeatret midt i første høgda.
Fasaden mot Storgata.
Foto: Kjetil Ree

Folketeatret var eit teater attmed Youngstorget i Oslo som var i drift frå 1952 til 1959, då det måtte leggje ned drifta av økonomiske årsaker og formelt vart slege saman med Oslo Nye Teater. Etter at Den Norske Opera hadde kome i gang i 1959, tok dei over teaterlokala, og hadde tilhald her fram til Operahuset i Bjørvika vart opna i 2008. Men Oslo Nye Teater spela likevel mykje barneteater her 1960-åra.

Folketeatret vart kjøpt i 2006 av det private selskapet Eiendomsspar AS (investoren Christian Ringnes). Etter at Den Norske Opera flytta ut, vart teateret gjennomgripande restaurert og ombygd, og frå 2009 nytta som ei privatdrive musikk- og teaterscene med same namn som tidlegare.

Soga til Folketeatret[endre | endre wikiteksten]

Folketeatret vart skipa og teaterhuset bygd for å vere eit teater for arbeidarklassa. Ideane om å skipe folketeater rundt ikring for å tilby arbeidarklassa gode teaterframsyningar til prisar som var til å leve med, skriv seg frå organisasjonen Freie Deutsche Volksbühne («fri tysk folkescene») som vart skipa i Berlin i 1919, og fekk gjennombrot i Noreg med folketeaterforeiningane som vart etablert i Bergen i 1928 og i Oslo i 1929. Men det gjekk lang tid frå tanken om å etablere eit folketeater i Oslo oppstod og fram til teateret kunne opne i eige bygg i 1952 med opningframsyninga Tante Ulrikke av Gunnar Heiberg. Då teatersalen stod ferdig til opning 23. desember 1935, måtte han nyttast som kino (med namnet Verdensteatret) på grunn av økonomiske problem, og då Folketeatret opna som skikkeleg teater i 1952, var tilhøva i samfunnet endra, og oppslutnaden om det hadde ikkje det same sosiale fundamentet som i tida då folketeater-ideane vart lanserte. I konkurransen med dei andre teatra i byen kom Folketeatret til kort, og drifta måtte leggjast ned i 1959.

Arkitektane Christian Morgenstierne og Arne Eide, som vann arkitektkonkurransen om bygget, hadde vorte engasjert allereie i 1929 til å teikne teaterbygget for Folketeatret. Dette var eit funkisbygg med kontor og forretningar i elleve høgder mot Youngstorget, ei mindre toppetasje, og åtte høgder mot Storgata, og teateret med 1200 sitjeplassar plassert midt inne i komplekset. Teateret fekk inngang frå Folketeaterpassasjen, ein fotgjengarpassasje mellom Youngstorget og Storgata tvers gjennom bygningen. Byggjearbeida tok til i 1932, leigetakarane kunne byrje innflyttinga i 1934, og heile komplekset stod ferdig og vart offisielt innvigd 2. april 1935. Bygningen vart freda av Riksantikvaren i 2009.

Den fyrste teatersjefen var Hans Jacob Nilsen. Han var sjef for teateret fram til 1955, og la vekt på å få fram kunstnerisk breidd, med framsyningar av både klassisk og moderne dramatikk, komediar og musikalar. Han vart etterfylgt av Jens Gundersen, som i åra 1955–1959 hadde suksess med framsyningane Anne Franks dagbok og My Fair Lady.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Snl.no: Folketeatret
  • Oslo byleksikon, femte utgåva: Folketeatret (side 170)
  • Helle, Egil. 1994. En høyborg for kultur og politikk : Folketeaterbygningen 60 år. Oslo: Stiftelsen Folketeaterbygningen : Tiden. ISBN 82-10-03848-6
  • Næss, Trine. 1994. Mellomkrigstidens teater i den norske hovedstaden : forholdet til det ikke-realistiske utenlandske teater. Oslo: Solum. ISBN 82-560-0947-0
  • Nilsen, Sidsel Marie. 1997. Helst mot urolig vær : teatermannen Hans Jacob Nilsen. Oslo: Aschehoug ISBN 82-03-22229-3