Svetlana Davidova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svetlana Davidova
Verkeleg namn russisk: Светлана Владимировна Печёрская
Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 14. november 1968 (54 år)
Jekaterinburg
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 1992, biathlon at the 1992 Winter Olympics – women's individual

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Svetlana Vladimirovna Davidova (fødd 14. november 1968), gift Svetlana Petsjorskaja, er ein russisk tidlegare skiskyttar. Ho vann sju gullmedaljar i ulike VM i skiskyting, og sigra i 1991 i kampen om verdscup-pokalen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Davidova fekk i 1989 bronsemedaljen på 15 km i sitt fyrste verdsmeisterskap i skiskyting, og gjekk så andreetappen på Sovjetunionen sitt vinnarlag i 3x7,5 km stafett. Året etter var ho nær ved vinne gull i alle fire øvingane under VM 1990 i Minsk. Ho vart suveren verdsmeister på 15 km og deltok for Sovjets vinnarlag i både stafett og lagtevlinga. På sprintdistansen, som vart flytta til Oslo og avvikla der, skaut ho på seg to strafferundar og måtte sjå seg slått av norske Anne Elvebakk med 3,3 sekundar. I 1991 kopierte Davidova plasseringane i VM med gullmedaljar i stafett i lagtevling, og sølvmedalje på sprinten. Under vinter-OL i 1992 fekk ho OL-sølv på 15 km bakom tyske Antje Misersky. Sidan deltok Davidova i skiskytings-VM 1995, men utan å merke seg ut.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]