Hopp til innhald

Svinerotslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svinerotslekta
Skogsvinerot (Stachys sylvatica)
Skogsvinerot (Stachys sylvatica)
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Leppeblomfamilien Lamiaceae
Underfamilie: Lamioideae
Slekt: Svinerotslekta Stachys
L., 1753

Svinerotslekta (Stachys) er ei planteslekt i leppeblomfamilien. Slekta omfattar rundt 300 artar. Dei veks naturleg i Europa, Afrika, Asia, Australia og Nord-Amerika. Kinaskokk (S. affinis) blir dyrka som rotfrukt.

Plantar i svinerotslekta er eit- eller fleirårige urter, halvbuskar eller buskar. Blada er enkle og heilranda eller tanna. Blomane er 1–2 cm lange og sit anten i toppen av stilken eller i axilen, mellom oversida av bladstilk og stengel. Dei har beger med fem eller ti nervar. Dei kan vera kvite, rosa, lilla, raude eller lysegule på farge. Krona kan ha om lag like lang overlepe som underlepe.

Artar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Ny artar av slekta er kjende frå Noreg. Fleire av dei veks berre på avfallsplassar eller er forvilla frå hagar og er berre kjende frå einskildfunn.

Etablerte artar:[1]

Artar kjende frå einskildfunn eller svært få funn:[1]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 971, 1165. 
  2. «Norsk rødliste for arter 2021». Raudlista 2021. Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 1. mars 2023. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Fremmedartslista 2018». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 1. mars 2023.