Sydvest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ivar Kalleberg med sydvest.
Tysk ubåt-mannskap fra Kriegsmarine med sydvestar 1943.
Foto: Deutsches Bundesarchiv
Islandsk fiskar kledd i gammal, tradisjonell sydvest og fiskarklede av lêr.

Sydvest er eit tettsitjande hovudplagg som skal verne hovud, andlet, nakke og hals mot vatn i regnvêr og på sjøen. Sydvestane er laga av oljelerret eller anna vasstett material og har ein brei brem som heng ned i nakken og som dannar ein skugge framfor. Sydvesten blir gjerne brukt saman med oljehyre eller anna regnty.

Sydvestane vart opphavleg framstilte av bomullslerret innsett med rå eller kokt linolje. Med vulkanisering på midten av 1800-talet kom gummierte stoff på bana, og i dag blir sydvestar ofte laga av vinyl. Namnet tyder opphavleg «vern mot sørvestvind», og er det same på fleire språk: «Südwester» på tysk, «sou'wester» på engelsk, «sydväst» på svensk og «zuidwester» på nederlandsk.

Allereie i 1801 var det ein sydvestfabrikk i Stavanger.

Sydvesten i kunst og reklame[endre | endre wikiteksten]

Målaren Christian Krohg brukte sydvesten som typemarkør i meir enn femten av måleria sine av norske sjøfolk, i ein trettiårsperiode frå «Babord litt» (1879) til «Menn overbord» (1907-08), nokre gongar i kombinasjon med oljehyre. Krohg er nesten alltid avbilda i okergul sydvest og oljehyre.

Sydvesten har òg vorte brukt som typemarkør innan reklame. Firmaet Chr. Bjelland & Co registrerte varemerket «Mannen med fisken» i 1905, etter ei teikning av Theodor Kittelsen kor ein lubben mann i sydvest, oljehyre og sjøstøvlar lyfter ein fisk større enn seg sjølv. Ved sida av Kittelsen sin variant er den andre arketypen i reklamen ein eldre, kvitskjegga mann med fast blikk, gjerne òg med snadde. Dette motivet vart etablert av Angus Watson i 1906, då han tok i bruk eit fotografi av den pensjonerte britiske sjømannen William Duncan Anderson som motiv på sine Skippers-etikettar.

Motivet «fura, vêrbiten sjømann med sørvest» er òg brukt i tobakksreklame: Otto Valstad laget «Fiskaren» for Tiedemanns Tobaksfabrik på 1890-talet, med trondheimaren Hans Peter Wiggen (1830–1896) som modell.

Sydvesten er også namnet på lokalavisa for dei sørvestlege bydelane Laksevåg og Fyllingsdalen i Bergen. Søvesten er namnet på ei lokalavis for Hemne og Aure kommunar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]