Symfoni nr. 14 av Haydn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Symfoni nr. 14 i A-dur
H. I/14
Symfoni av Joseph Haydn
Sjanger Symfoni
Periode Klassisismen
Komponert Mellom 1761 og 1763
Typisk lengd 15:41
Satsar 4

Symfoni nr. 14 i A-dur, Hoboken I/14, er ein symfoni av Joseph Haydn som kan ha vorte skriven mellom 1761 og 1763.[1]

Symfoni nr. 14 er instrumentert for 2 oboar, fagott, 2 valthorn, strykarar og continuo. Som etter kvart vart vanleg for Haydn, har denne symfonien fire satsar:

  1. Allegro molto, 3/4
  2. Andante i D-dur, 2/4
  3. Menuetto e Trio: Allegretto, med Trio i A-moll, begge 3/4
  4. Allegro, 6/8

Andanten var opphavleg finalen i ein tidlegare divertimento «Der Geburtstag» («Bursdagen»), Hob. II/11.[2] Variasjonane av divertimentoen er omarbeidd som ein sonate for symfonien.

Trioen i menuetten har ein obosolo akkompagnert av fiolinar og cello.[2]

Finalen er særs kontrapunktisk[2] og er basert på ein fallande skala.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. H. C. Robbins Landon, The Symphonies of Joseph Haydn. London: Universal Edition & Rockliff (1955): 636
  2. 2,0 2,1 2,2 HC Robbins Landon, Haydn: Chronicle og Works, 5 vols, (Bloomington og London: Indiana University Press, 1976-) v. 1, Haydn: the Early Years, 1732-1765
  3. Brown, A. Peter, The Symphonic Repertoire (Volume 2). Indiana University Press (ISBN 025333487X), s. 66-67 (2002).