Hopp til innhald

Sør-Kina-havet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sørkinahavet)
Sør-Kina-havet
bukt
Land  Folkerepublikken Kina,  Vietnam  Republikken Kina,  Malaysia  Kambodsja,  Filippinane  Brunei
Del av Stillehavet
Kart
Sørkinahavet
12°N 113°E / 12°N 113°E / 12; 113
Wikimedia Commons: South China Sea
Sørkinahavet og området rundt.

Sør-Kina-havet er den delen av Stillehavet som er avgrensa av det asiatiske fastlandet og øyane Sumatra, Borneo, Luzon og Taiwan. I tillegg har Kina, Vietnam, Malaysia, Indonesia, Kambodsja, Brunei og Filippinene kyst mot Sør-Kina-havet.

Sør-Kina-havet grensar til Austkinahavet i nord gjennom Taiwansundet, mot Filippinarhavet i aust gjennom Luzonsundet, mot Javasjøen i sør mellom Sumatra og Borneo og mot Andamanhavet og Indiahavet i vest gjennom Malakkasundet. Mot det asiatiske fastlandet dannar Sørkinahavet to store bukter, Tonkinbukta i Vietnam og Kina, og Thailandbukta mellom Indokina og Malayahalvøya.

Sør-Kina-havet omfattar 3 500 000 km². Det er over 200 små øyar i havet, mange av dei er omstridde mellom landa som ligg rundt.

Sør-Kina-havet er i dag den nest mest brukte sjøvegen i verda. Det er ein del petroleumsreservoar i området. Det dreiar seg om om lag 4,5 km³ olja og 7 500 km³ naturgass.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.