Tøyen stasjon
Utsjånad
| Tøyen stasjon | |
| Stasjonsområde | |
|---|---|
| Opna | 22. mai 1966 |
| Linjer og rutedrift | |
| Linje(r) | Oslo t-banelinje 1, Oslo t-banelinje 2, Oslo t-banelinje 3, Oslo t-banelinje 4, Oslo t-banelinje 5 |
| Eigar(ar) | Sporveien |
| Overgang | |
![]() Tøyen stasjon 59°54′54″N 10°46′34″E / 59.915°N 10.776111111111°E | |
Tøyen stasjon er ein T-banestasjon på Tøyen i bydel Gamle Oslo i Oslo, og den austre stasjonen på fellestunnelen for T-banelinene gjennom sentrum av byen, der Majorstuen stasjon er den vestlege. Frå Tøyen stasjon går linene Ringen og Grorudbanen i tunnel nordover, og Furusetbanen, Lambertseterbanen og Østensjøbanen i tunnel austover. I tillegg til kvar av plattformene for austgåande og vestgåande tog, har stasjonen ei særskild plattform for tog mot sentrum som kjem frå Grorudbanen og Ringen.

Stasjonen vart opna i 1966 som ein lekk i T-banenettet for dei austlege delane av Oslo. Det er nedgang til stasjonen i nærleiken av senteret på Tøyen, Tøyen torg. Frå stasjonen er det gangavstand til Botanisk hage, Munchmuseet og Tøyenbadet.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Tøyen haldeplass for tog på Gjøvikbanen
