Tafjordfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tafjordfjella
fjellområde
Karitinden.jpg
Karitinden 1982 moh
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Møre og Romsdal, Oppland
Kommunar Norddal, Stranda, Rauma, Skjåk
Høgd Puttegga: 1 999 moh.
Koordinatar 62°14′N 7°44′EKoordinatar: 62°14′N 7°44′E
Wikimedia Commons: Tafjordfjella

Tafjordfjella er eit høgfjellsområde i fylka Møre og Romsdal og Oppland. Området ligg aust for Ålesund og strekkjer seg ut over kommunane Norddal, Stranda, Rauma og Skjåk. Dei høgaste toppane er Puttegga (1999 moh.) Karitind (1982 moh) og Tordsnose (1975 moh).

Av vatn i området finn ein Tordsvatnet, Veltdalsvatnet, Zakariasdammen og Grønvatnet. Ei rad vatn er regulert til magasin for kraftproduksjon. Fallhøgdene og magasina i områda blir utnytta i Tafjord Krafts nettverk av kraftstasjonar.

Ålesund-Sunnmøre Turistforening (ÅST) har eit hyttenett i dette fjellområdet, som Reindalsseter, Pyttbua, Veltdalshytta, Vakkerstøylen og Danskehytta. Store delar av Tafjordfjella ligg innanfor Reinheimen nasjonalpark eller tilstøytande landskapsvernområde.

Danskehytta ved Vikvatnet tilhøyrer ÅST
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.