Taklauk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Taklauk

Sempervivum.tectorum.7647.jpg

Vitskapleg namn
Sempervivum tectorum
Utbreiing
Område: Middelhavsland og Vest-Asia
Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Angiospermae
Klasse: Ekte tofrøbladingar
Orden: Saxifragales
Familie: Crassulaceae
Slekt: Sempervivum
Andre namn
  • Huslauk, syfiller, sifylle, årsens grøde, mor til tusen barn

Taklauk (Sempervivum tectorum) er ein plante i taklaukslekta i bergknappfamilien. Han er ein fleirårig sukkulent med tette, runde bladrosettar som dannar puter. Han veks ofte på tak, og er blitt rekna som vernar mot ulukke knytt til gudar som Tor og Jupiter. Det latinske namnet Sempervivum tyder 'eviglevande', og viser til at planten kan overleva i særs dårlige levekår.

Planten stammar frå Mellom- og Sør-Europa, men er blitt dyrka ein rekkje andre stader og er blitt naturalisert i andre delar av Europa, Nord-Afrika og Vest-Asia. I Noreg veks taklauk vilt i delar av Sør- og Austlandet.

Taklaukblad i rosett.
Blom.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Rosettblada til taklauken er tjukke og flatvorne med broddspiss. Stenglane er 20–40 cm høge med spreiddstilte, hårete og kjertelhåra blad. Blomsterstanden er rikt greinete. Blomane er lyseraude med stjerneforma, utbreidd krone.

Vekst og formeiring[endre | endre wikiteksten]

Taklauk som veks på steinar.

Taklauk trivst på tørre veksestader med lite jord. Han veks forvilla i Noreg frå Mandal opp til Modum, gjerne på berg og steingardar, ofte nær hustufter og gamle smier.

Planten formeirer seg med frø, eller med avleggjarar som han kan danna i store mengder.

Taklauk som kulturplante[endre | endre wikiteksten]

Ein har dyrka taklauk sidan oldtida, og ei legende fortel at han blei gjeven til menneskja av Jupiter. Planten blei dyrka på hustak og skulle verna mot storm, lynnedslag, brann og trolldom. Taklauk har også vore brukt som medisinplante. Dioskorides nemnde planten som nyttig mot diaré, dysenteri og innvollsorm innvortes og mot brannsår, hudsjukdommar, gift, hovudverk og augebetennelse utvortes. Særleg bruken mot brannsår har halde seg fram til moderne tid. Taklauk var også ein ingredisens i lækjemiddelet arkanum, som blei brukt ved jernbyrd.

Skikken med å planta taklauk på tak breidde seg i Europa, og mellom anna gav Karl den store ordre om at alle husa hans skulle vernast av taklauk. I Noreg er planten også blitt brukt på tak og som medisinplante, men mange stader blei rosenrot brukt i staden. Planten er også blitt brukt som prydplante og på kyrkjegardar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «takløk» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 30. august 2014.
  • «TAKLØK», Urtekildens planteleksikon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]