Talcott Parsons
Talcott Parsons | |||
| |||
Fødd | 13. desember 1902 Colorado Springs | ||
---|---|---|---|
Død | 8. mai 1979 München | ||
Nasjonalitet | USA | ||
Område | historie | ||
Yrke | sosiolog, universitetslærar, biolog | ||
Institusjonar | Harvard University | ||
Alma mater | London School of Economics Amherst College Universitetet i Heidelberg | ||
Doktorgradsrettleiar | Edgar Salin | ||
Barn | Charles Parsons | ||
Medlem | American Academy of Arts and Sciences |
Talcott Parsons (13. desember 1902–8. mai 1979), fødd og oppvaksen i Colorado, er kan henda den mest kjende amerikanske sosiologen. Han grunnla funksjonalismen, og hadde stor innverknad på sosiologien på 1950- og 1960-talet. Han var knytt til Harvard-universitetet nesten heile livet sitt, og utvikla eit teoretisk system for samfunnsanalyse, kalla strukturell funksjonalisme.
Mønstervariablar
[endre | endre wikiteksten]I The Social System (1951) legg Parsons fram eit sett av mønstervariablar, som seier noko om samhøvet ein sosial aktør har med andre sosiale aktørar:
Dimensjon | Ekspressiv | Instrumentell |
---|---|---|
Status | Askripsjon | Prestasjon |
Relasjonsfunksjon | Diffus funksjon | Spesifikk funksjon |
Samhandlingstype | Partikulær | Universell |
Kjenslerelasjon | Affektiv | Affektiv nøytral |
Orientering | Kollektivorientering | Ego-orientering |
Til dømes vil relasjonane mellom aktørane i ein institusjon som familien, som vert prega av nære kjensleband, oftast vera ekspressive. Medan samhøvet mellom ein seljar og ein kunde på ein marknad vil vera instrumentell. Dimensjonen ekspressiv/instrumentell svarar til ein viss grad til skiljet Ferdinand Tönnies lagar mellom Gemeinschaft/Gesellschaft for å skildra menneskelege relasjonar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2024) |