Tantalitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tantalitt
Tantalite.jpg
Tantalitt frå Pilbara district i Australia
Generelt
KategoriOksydmineral
Kjemisk formel(Fe,Mn)Ta2O6
Strunz-klassifisering04.DB.35
Identifikasjon
FargeMørk svart, jern-svart til mørkebrun, raudbrun
KrystallsystemOrtorombisk
Kløyvgod i ei retning
BrotUndermuslig
Mohs hardleiksskala6-6.5
GlansUndermetallisk til nesten harpiksaktig
Strekfargebrunraud til svart
Spesifikk vekt8.0+
Kjelder[1][2]

Tantalitt er eit samleomgrep på ein blandingsserie mellom minerala tantalitt-(Fe) (tidlegare ferrotantalitt), tantalitt-(Mn) (tidlegare manganotantalitt) og Tantalitt-(Mg) (tidlegare magnesiotantalitt). Tantalitt er ein del av columbitt-(tantalitt-)euxenitt-gruppa, som skil seg frå columbitt ved å innehalde områdande tantal i staden for niob: (Fe,Mn)(Ta,Nb)2O6. Det finst på granittpegmatitter, men er mindre utbreidd enn columbitt.

Tantalitt-(Fe) er i Noreg kjent frå Iveland, Evje og Dillingøy ved Moss.

Tantalitt-(Mn) er i Noreg påvist frå Drag i Tysfjord, Tennvatnet i Sørfold, Iveland og Råde i Østfold.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «TANTALITE (Iron Mangan Tantal Niob Oxide)». Galleries.com. Henta 25. oktober 2011. 
  2. Tantalite. Mindat.org (2011-09-07). Retrieved on 2011-10-30.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]