Tartarsongar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tartarsongar

Status i verda: LC Livskraftig

Bilete frå England, august 2005 Foto: Wikimedia-brukar MPF
Bilete frå England, august 2005
Foto: Wikimedia-brukar MPF
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Acrocephalidae
Slekt: Iduna
Art: I. caligata
Vitskapleg namn
Iduna caligata
Lichtenstein, 1823

Tartarsongar (Iduna caligata, tidlegare Hippolais caligata[1] ) er ein medlem av kjerrsongarfamilien, Acrocephalidae, i «den gamle verda». Tartarsongar var tidlegare rekna som same arten som ramasongar, men sistnemnde blir no handsama som ein sjølvstendig art. Tartarsongaren er ein liten gråbrun, songarliknande sporvefugl som hekkar i Eurasia. Hekkeutbreiinga er i sentrale Russland austover til Kina. Han er ein trekker med vinterkvarter på det indiske subkontinentet så langt sør som på Sri Lanka.

Utsjånad og eigenskapar i feltet[endre | endre wikiteksten]

Tartarsongaren er med sine 11 til 12,5 cm er den minste arten i den biologiske slekta Iduna, og omtrent på storleik med ein lauvsongar.[2] Han er svært lik den nært nærskylde artane ramasongar og bleiksongar, men kan òg forvekslast med åkersongar og gransongar, underart P. c. tristis. Tartarsongaren er overvegande lys grå på oversida og kvitaktig på undersida med rustbeige tone på kroppssidene, mest tydeleg på ungfuglar om hausten. Han har kort primærfjørprojeksjon, likevel litt lengre enn hos ramasongaren.[2] Dei ytre kantane av den ytre stjertfjørfana er kvite, men dette kan vere vanskeleg å observere i feltet. Han har eit kort nebb, som er litt sterkare enn hos gransongaren. Han har diffus kvit augebrynstrek og ein klårare mørk augestrek. Beina har vanlegvis brunskjær medan tærne er mørkare.[2]

Denne arten er vanskeleg å observere sidan han rører seg mykje og ofte er skjult i buskar eller er på bakken.[3] Når han sit vippar han både halen og vengene, men slår ikkje regelmessig ned stjerten slik som bleiksongaren gjer.[2]

Distribusjon[endre | endre wikiteksten]

Tartarsongaren er ein trekkfugl som hekkar frå europeisk Russland gjennom Sibir til Vest-Mongolia og det vestlege Kina. Generelt er han utbreidd nord for ramasongaren sitt hekkeområde, men har eit smalt område der begge hekkar sympatriskt.[4] I løpet av det siste tiåret, tartarsongaren utvida hekkeområdet vestover, og i dag har han òg etablert ein liten hekkebestand i Finland.[5] Han overvintrar over mykje av India, men òg i Bangladesh og så langt sør som Sri Lanka.[4]

Dette er ein sjeldan gjest i Vest-Europa, men talet på observasjonar har auka gjennom 1990-talet og 2000-talet, monaleg på grunn av auka kunnskap om identifikasjon i feltet, men òg fordi hekkeområdet er utvida vestover.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Egg

Tartarsongaren blir vist på naturstepper og i andre opne habitat med buskar og fåtalige tre. Det kan òg treffast i våtmarksområde eller langs elvebredder.[2] Det skålforma reiret er godt skjult på bakken blant buskar. Han legg kull på 4-6 egg i gjennomsnitt, men kull på 2-7 egg har vore rapportert. Egga blir ruga i 12-14 dagar av begge foreldra. Etter klekking tar begge foreldra omsut for ungane til dei er flygedyktige etter 11-14 dagar.[4] Dei er hovudsakleg insektetarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. The Clements Checklist of Birds of the World Updates & Corrections - Sept 2012 (Om side 432)
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  3. Svensson, Lars (1973) Mindre härmsångare anträffad i Sverige, Vår fågelvärld vol.32 sid:204-206
  4. 4,0 4,1 4,2 Lars Larsson (2001) Birds of the World, CD-rom
  5. Nils Kjellén, Fyndstatus i Sverige för "nya" arter, Raritetskommittén, Sveriges Ornitologiska Förening

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tartarsongar