Ramasongar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ramasongar

Status i verda: LC Livskraftig

Bilete frå Krishna Wildlife Sanctuary, Andhra Pradesh, India Foto: J.M.Garg
Bilete frå Krishna Wildlife Sanctuary, Andhra Pradesh, India
Foto: J.M.Garg
Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Acrocephalidae
Slekt: Iduna
Art: I. rama
Vitskapleg namn
Iduna rama
Sykes, 1832

Ramasongar (Iduna rama, tidlegare Hippolais rama[1] ) er ein medlem av kjerrsongarfamilien (eng: tree warblers) i «den gamle verda». Ramasongar var tidlegare rekna som ein underart av tartarsongar, men blir no handsama som ein sjølvstendig art. Hekkeutbreiinga er frå nordauste Arabia til Afghanistan. Nett som tartarsongarar, trekker mykje av populasjonen av ramasongarar til vinterkvarter på det indiske subkontinentet så langt sør som på Sri Lanka.

Dette er ein liten sporvefugl og ein liten medlem av familien Acrocephalidae. Han lever i ope landskap med buskar og anna høg vegetasjon. Dei legg 3-4 egg i reiret som ligg i ein busk eller vegetasjon. Som dei fleste «verkelege songarar» er ramasongarar insektetarar.

Oversida er bleikbrun, som te med mjølk, undersida er lys med gulbrune kroppssider. Dei ytre halefjørene har bleike kantar. Dei har ei kort, bleik augebrynstripe, og nebbet er sterkt og spist. Ramasongaren er litt større og gråare enn tartarsongaren, men liknar mest ein bleiksongar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. The Clements Checklist of Birds of the World Updates & Corrections - Sept 2012 (Om side 432)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ramasongar