Hopp til innhald

Tatjana Kazankina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tatjana Kazankina

Verkeleg namnRussisk skrift Татьяна Васильевна Казанкина
StatsborgarskapSovjetunionen, Russland
Fødd17. desember 1951 (74 år)
Petrovsk
Yrkemellomdistanseløpar, samfunnsøkonom
Språkrussisk
Høgd162 centimeter
Tatjana Kazankina på Commons

Tatjana Vasiljevna Kazankina (fødd 17. desember 1951) er ein sovjet-russisk tidlegare mellomdistanseløpar frå Petrovsk i Saratov oblast som tevla for Sovjetunionen. Ho vann tre OL-gull og sette sju verdsrekordar i tida 1976-83.

Kazankina vart nummer fire på 1500 m i friidretts-EM 1974 i Roma, sju tidels sekund bakom bronsevinnar Grete Andersen frå Noreg.

Ein måned før sommar-OL 1976 i Montreal vart Kazankina den fyrste kvinna som sprang 1500 meter under fire minuttar, med tida 3.56,0 slo ho Ljudmila Braginas gamle verdsrekord med heile 5,4 sekundar. Under leikane i Montreal vann ho gullmedaljen på 800 meter på ny verdsrekordtid, ho sigra også på 1500 meter.

Under dei olympiske leikane 1980 i Moskva forbetra ho 1500-meterrekorden til 3.52,47, då ho forsvarte OL-tittelen på distansen. Denne verdsrekorden vart ståande i tretten år, og er i 2014 framleis gjeldande europarekord.

I 1983 var Kazankina med i innspurten på 3 000 meter i det fyrste friidretts-VM i Helsingfors. Ho kom i mål som bronsevinnar, eit halvt sekund bak verdsmeister Mary Decker frå USA og einast to hundredels sekund etter sølvvinnar Brigitte Kraus frå Vest-Tyskland.

Kazankina nekta å avlegge dopingprøve etter at ho hadde vunne eit 5 000-meterløp i Paris i september 1984. Dermed vart ho utestengd frå idrett i 18 månader og kom aldri tilbake på friidrettsbana.