Tatjana Ledovskaja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tatjana Ledovskaja
Fødd 21. mai 1966
Sjtsjokino
Yrke sprinter, hekkeløper

Tatjana Mikhajlovna Ledovskaja (fødd 21. mai 1966) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Sjtsjokino i Tula oblast som representerte Sovjetunionen og frå 1993 Kviterussland. Ho vann OL-gull i 4 x 400 meter stafett med Sovjetunionen i 1988 og vart europameister 1990 og verdsmeister 1991 i 400 meter hekk.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Ledovskaja meisterskapsdebuterte under sommarleikane 1988 i Seoul. På spesialdistansen 400 m hekk måtte ho sjå seg slått med eitt hundredels sekund av australske Debbie Flintoff-King som med tida 53,17 sekundar vann gullmedaljen, medan Ljadovska fekk sølvmedaljen. Tre dagar seinare, den 1. oktober 1988, sprang ho den fyrste etappen då ho saman med Olga Nazarova, Marija Pinigina og ankerkvinne Olga Bryzjina vann gull i 4 x 400 m stafett på ny verdsrekord 3.15,1, ein rekord som er gjeldande 29 år seinare (2017).

Ved europameisterskapen 1990 i Split vann Ljadovska ein suveren siger på 400 m hekk, differansen til sølvvinnar Anita Protti frå Sveits var på 0,74 sekund. Same dagen og nokre få timar seinare sprang ho, eit elles heilt nytt sovjetisk lag i 4 x 400 m stafett, inn til sølvmedaljar. Året etter gjorde ho unna sitt livs snøggaste langhekkløp då ho i Tokyo vann VM-gull, fem hundredels sekund framom britiske Sally Gunnell. Som i Seoul-OL 1988 sprang Ljadovskaja startetappen då dei sovjetiske kvinnene Ljudmila Dzjigalova, Olga Nazarova og Olga Bryzjina vann gull i 4 x 400 m stafett i Tokyo-VM. Under Sommar-OL 1992 i Barcelona vart Ljadovskaja nummer fire på tida 54,31, same tid som bronsevinnar Janeene Vickers.

Ljadovskaja vart sovjetmeister i 400 m hekk i 1988. 1989 og 1990. Frå 1993 representerte ho i Kviterussland. Ho var kviterussisk meister i spesialøvinga i åra 1995-97.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]