Sally Gunnell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sally Gunnell
Sally Gunnell in 1995 (cropped).jpg
Fødd 29. juli 1966
Chigwell
Sally Gunnell på Commons

Sally Janet Jane Gunnell (fødd 29. juli 1966) er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar frå Chigwell i Essex som internasjonalt deltok i hekkeløp. I åra 1992-94 vann ho både OL-, VM- og EM-gull i 400 meter hekk. Under verdsmeisterskapen 1993 i Stuttgart setter ho ny verdsrekord med 52,74 sekundar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Gunnell vart samveldemeister på 110 meter hekk i 1986. Ho nådde semifinalen i øvinga både under VM 1987 og OL 1988. I Seoul-OL 1988 tok ho seg til finalen på 400 m hekk, der ho sette ny personleg rekord med 54,03 og vart nummer fem.

Frå 1991 til -94 låg Gunnell heilt i verdstoppen på langhekken. Gjennom 1991-sesongen forbetra ho den britiske rekorden til 53,78 sekundar i Monaco, deretter til 53,63 i Zürich, før ho under VM i Tokyo tok sølvmedaljen med tida 53,16, fem hundredels sekund bak sovjetiske Tatjana Ledovskaja. Under dei olympiske leikane i Barcelona tok Gunnell gullmedaljen etter 53,23 sekundar, og vann klart føre Sandra Farmer-Patrick. Året etter pressa Farmer-Patrick henne heilt til målstreken i VM-finalen og fekk notert tida 52,79, men Gunnell kom inn på 52,74 og ny verdsrekord.

Ved friidretts-EM 1994 vann Gunnell 400 m hekk med rekordstor sigersmargin, 1,45 sekund. Ho vart skadd under OL 1996 og la deretter opp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 1987 i Roma: Utslått i semifinalane på 110 m hekk
  • OL 1988 i Seoul: Nr 5 på 400 m hekk– 54,03. Utslått i semifinalane på 110 m hekk
  • EM 1990 i Split: Nr 6 på 400 m hekk – 55,45
  • VM 1991 i Tokyo: Sølvmedalje på 400 m hekk – 53,16, bakom Tatjana Ledovskaja
  • OL 1992 i Barcelona: Gullmedalje på 400 m hekk – 53,23, framom Sandra Farmer-Patrick (53,69). Bronsemedalje i 4 x 400 m stafett
  • VM 1993 i Stuttgart: Gullmedalje på 400 m hekk – 52,74, framom Sandra Farmer-Patrick (52,79)
  • EM 1994 i Helsinki: Gullmedalje på 400 m hekk – 53,33, framom Silvia Rieger (54,68)
  • OL 1996 i Atlanta: Braut semifinalen på 400 m hekk (nr 16)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]