Tatjana Tomasjova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tatjana Tomasjova
Women's 1500 m heats London 2012 4.jpg
Fødd 1. juli 1975
Perm
Yrke langdistanseløpar, mellomdistanseløper, friidrettsutøvar
Tatjana Tomasjova på Commons

Tatjana Ivanovna Tomasjova[a] (fødd 1. juli 1975) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Perm som tevla på mellom- og langdistansar. Ho vart verdsmeister på 1500 m både i 2003 og 2005, samt europameister på same distansen i 2006. I 2004 vann ho OL-sølv på 1500 m.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Tomasjova deltok på 5000 meter både under Sommar-OL 2000 i Sydney og friidretts-VM året etter. Ho vart nummer 13 i Sydney og nummer 10 i Edmonton i 2001.

Ved europameisterskapen 2002 i München deltok Tomasjova på 1500 meter og tok bronsen på tida 4.01,28, over to sekundar bak dei to andre medaljevinnarane. I 2003 vann ho gullmedaljen på 1500 m i VM i friidrett 2003 med 3.58,5 etter å ha slått førre års europameister, tyrkiske Süreyya Ayhan, med eit halvt sekund. Under Sommar-OL 2004 i Aten fekk ho sølvmedaljen på 1500 m, britiske Kelly Holmes vann på 3.57,9, Tomasjova hadde 3.58,1.

I 2005 forsvarte Tomasjova VM-tittelen på 1500 m ved meisterskapen i Helsingfors. Med vinnartida 4.00,3 var ho i mål over sekundet føre sølvmedaljøren, landskvinna Olga Jegorova. Tomasjova hadde hardast konkurranse frå ei landskvinne også då ho i 2006 vann EM-gullet på 1500 m. I Göteborg sette ho meisterskapsrekord med 3.56,9, Julija Tsjisjenko fekk notert 3.57,6.

Doping[endre | endre wikiteksten]

I 2008 vart Tomasjova og seks andre russiske friidrettsutøvarar utestngde frå idretteen i to år, då dei hadde prøvde å manipulere dopongprøver.

Tomasjova deltok på 1500 meter under sommarleikane 2012 i London. Ho vart nummer fire, 16 hundredels sekund bakom bronsevinnaren.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Russisk skrift Татьяна Ивановна Томашова

Kjelder[endre | endre wikiteksten]