Taus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Der som ikkje er Taus, fær Kona tena seg sjølv.

Ei taus er i tradisjonell norsk språkbruk ei tenestejente; i somme dialektar er ordet bruka synonymt med jente.

Opphavet til ordet er usikker, det kan ha samanheng med tos ('trevlar', 'rusk');[1] det kan òg komme av ei germansk grunnform *Þausó , ei avlydsform til Þéwisa, gotisk for tenarar.[2]

I borgarleg tradisjon har ordet vore bruka nedsetjande, i forma tøs har ordet i folkeleg språk tydinga 'lauslynt jente', 'prostituert'.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Taus i Nynorskordboka
  2. Falk og Torp 1903: Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog Faksimileutg. Bjørn Ringstrøms antikvariat 1992 ISBN 82-90520-16-6
  3. Tøs i Nynorskordboka