Penn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rollerballpenn og fyllepenn.

Penn er ein skrive- og teiknereiskap som lagar linjer og strekar med blekk og vanlegvis er meint for bruk på papir. Det finst i dag eit stort tal internasjonale merke og typar til sals i bokhandlar og butikkar for kontor- og teikneutstyr.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet «penn» kjem via det norrøne penni opphavleg frå det latinske penna som tyder 'fjør'.[1]

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Fjør- og røyrpenn

I oldtida skar ein til røyrpennar av siv som blei dyppa i blekk under bruk. Seinare blei det laga pennar av venge- eller halefjørene av gjæse eller andre store fuglar. På desse pennane blei fjørstammen skoren tvers over på skrå for å danna eit holrom til blakk og samstundes ein spiss, som eventuelt fekk ein splitt. Sidan kom splittpennar med lause pennesplittar av metall som var festa på enkle penneskaft. Slike stålpennar blei vanlege på 1800-talet.

Fyllepennen brukar òg ein spiss av metall men har blekket i ein patron eller eit holrom i skaftet. Dei første fyllepennane blei produserte av L.E. Waterman i USA i 1884. Seinare kom kulepennar der blekk i form av ein pasta blei plassert i det tynne pennerøyret og overført til papirunderlaget ved hjelp av ein ørliten rullande kule ytst på røyret. Prinsippet blei funne opp på slutten av 1800-talet, men kulepennar blei først selde i Storbritannia på 1930-talet og lansert på ein breiare marknad i 1945. Sidan har ulike tusjpennar med porøs filt- eller fiberpiss overteke for både fyllepennar, kulepennar og blyantar.

Tusjpennar[endre | endre wikiteksten]

Tusjpennar, òg kalla fiberpennar og filtpenner, omfattar ulike typar skrive- og teiknepennar som inneheld ulike fargestoff. Fargestoffet sit i ein porøs behaldar i penneskaftet og pennane har ein filt- eller fiberpiss og er utstyrt med ei tett plasthette for at ikkje fargestoffet skal tørka fast i den fuktige spissen. I norsk daglegtale blir ofte alle skrivereiskapar med hette, det vil stort sett seia alle pennar som ikkje er tørre blyantar eller kulepennar med blekk og hard kule i spissen, omtalt som tusj.

Sprittusj er ein merkepenn med filttupp og med fargestoffet oppløyst i sprit. Dette gjev vassfast, delvis vaskeekte merking, og festar seg òg på glatte, ikkje-porøse materialar som plast og glas. Brukt til tagging er han nesten umogleg å få vekk. Det finst elles ei mengd tusjpennar i ulike storleikar og fargar og med ulike farge- og festeeigeneskapar.

Markerar eller markerpenner er tusjpennar som finst i eit stort fargeutval og ofte har ulike spisstjukkleik i kvar ende. Desse blir brukt av reklamebyrå og designerar når ein skal skissera trykksaker, produkt, kostyme og anna i fargar.

Produsentar[endre | endre wikiteksten]

Ei lang rekkje internasjonale produsentar av teikne-, skrive- og kontorartiklar lagar pennar. Av kjende produsentar og merkenamn kan nemnast Bic, Penol, Pilot Pen, Pentel, Faber-Castell, Edding, Stabilo, Parker, Crayola og Staedtler. Det tyske Rotring spesialiserte seg særleg på tekniske røyrpennar, medan det engelske Letraset sidan 1970-talet har levert tusjmarkerar i eit stort tal fargenyansar til profesjonell bruk i reklameindustrien.

Tekniske pennar og andre typar[endre | endre wikiteksten]

Det finst òg penneforma instrument som blir brukt innan datateknologi og på tekniske apparat.

  • Ein lesepenn omset strekkodar til talseriar og blir brukt på varelager og saman med kassaapparat. Lesepennen blir trekt over ein strekkode og liknande.
  • Ein datapenn kan erstatta ei datamus og brukast som presis teiknereiskap saman med digitale teikna- og biletredigeringsprogram.
  • Ein laserpenn eller laserpeikar er ei enkel, penneforma lommelykt med konsentrert lysstråle til bruk som til dømes peikar på eit lerret.
  • Ein insulinpenn og andre typar medisinpennar er små, penneformede sprøyter for rask og lettvin innsprøyting av insulin og ulike medisinar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Penn