Teja Gregorin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Teja Gregorin

CISM2017-27.jpg

Statsborgarskap Slovenia
Fødd 29. juni 1980
Ljubljana
Idrett skiskyting, langrenn
Yrke skiskyttar, langrennsløpar

Teja Gregorin (fødd 29. juni 1980) er ein slovensk skiskyttar frå Ljubljana som vann VM-sølv på 15 km i 2009 og OL-bronse på jaktstarten i 2014. I 2012 gjekk ho for Slovenias lag som tok sølv på mixstafetten under VM i Ruhpolding.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Gregorin debuterte i verdscupen i 2003 i finske Kontiolax. I 2007 lukkast ho å oppnå eit par fjerdeplassar i verdscuprenn. Under VM i skiskyting 2009 overraska ho i koreanske Pyeongchang og vart nummer to på 15 km, bakom Kati Wilhelm frå Tyskland, med norske Tora Berger på bronseplassen.

Ved VM i skiskyting 2012 i Ruhpolding gjekk Gregorin andreetappen for Slovenia sitt sølvlag på mixstafetten, dei andre på laget var Andreja Mali, Klemen Bauer og Jakov Fak. Både i 2012 og 2014 kom ho på pallen i fellesstartane under verdscuprenna i Holmenkollen, siste gongen var ho i mål knapt fire sekundar bakom vinnaren, slovakiske Anastasija Kuzmina. Månaden før hadde ho under Vinter-OL 2014 i Sotsji frå 15. posisjon gått inn til bronsemedaljen på 10 km jaktstart.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar