Tema:Bibelen/Intro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
{{{2}}}

Bibelen (gjennom latin frå gresk βιβλιος ‘bok’). er ei samling av kanoniske skrifter i jødisk og kristen religion. Bibelen i si kristne form blir i dag utgjeven på 2.355 språk (2003).

Den kristne bibelen inneheld to samlingar av skrifter som i kristen tradisjon oftast blir kalla Det gamle testamentet og Det nye testamentet.

Det gamle testamentet, eller Den hebraiske bibelen, er ei samling av hebraiske skrifter som ein reknar med vart endeleg fastsett kring byrjinga av den moderne tidsrekninga. Den hebraiske bibelen finst i tre hovudversjonar. Den gamle testamentet eller Den hebraiske bibelen blir rekna som heilag i jødedommen, kristendommen, islam og bahá'í.

Det nye testamentet er skrive på den seinantikke greske språkforma koiné. Det nye testamentet er rekna som heilag i kristendommen, islam og bahá'í. Jødedommen reknar ikkje Jesus for å vera Messias eller ein autoritativ profet, og godtek ikkje Det nye testamentet som kanonisk. Les meir...