Tema:Samiske språk/Utvald artikkel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
{{{2}}}

Samisk språkhistorie er historia til dei samiske språka, frå tida då det finsk-samiske urspråket vart splitta i eit nordleg samisk og eit sørleg austersjøfinsk urspråk, for omtrent 2000 år sidan.

Den eldste språklege kjelda for noko samisk språk er frå 1557, då ein engelsk sjøfarande, Stephen Borough, skreiv opp ei liste på 95 samiske ord på Kolahalvøya. Dei første samiske tekstane er sørsamiske, ei ABC-bok og ei messebok frå 1619. Dei samiske språka har endra seg relativt lite sidan dette, og vi reknar at moderne samisk tar til då.