Det finsk-samiske urspråket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det finsk-samiske urspråket (finsk varhaiskantasuomi) er ur-austersjøfinsk og ursamisk sitt felles urspråk. Ur-austersjøfinsk vart seinare utvikla til dei noverande austersjøfinske språka, og ursamisk til dei ulike samiske språka. Vokalsystemet i det finsk-samiske urspråket er best bevart i dei austersjøfinske språka, mens konsonantsystemet i det finsk-samiske urspråket er best bevart i dei ulike samiske språka. Kunnskapen vi har om det finsk-samiske urspråket har vi frå den historisk-samanliknande språkforskinga. Eksistensen av dette urspråket er omstridd, ei alternativ hypotese er at både ursamisk og uraustersjøfinsk i lag med mordvinsk går direkte attende til eit felles vesturalsk urspråk, ei anna er at desse to urspråka kvar for seg går attende til ururalsk.

Finsk-samisk vs. finsk-samisk-mordvinsk urspråk[endre | endre wikiteksten]

Eksistensen av dette urspråket er omstridd.[1] Det problematiske med å postulere eit slikt språk er å argumentere for at det har eksistert eit eige språk felles for austersjøfinsk og samisk men utan mordvinsk. Sett i eit større perspektiv deler nemleg dei austesjøfinske og samiske urspråket trekk med mordvinsk. Ein kompliserande faktor er at vi veit frå historiske kjelder at det har vore snakka fleire uralske språk i det geografiske området mellom Finskebukta og områda der mordvinsk blir snakka i dag. Russiske krøniker frå 800-talet nemnar språka merja og muroma. Det er mogleg å konstruere eit felles urspråk for ursamisk, uraustersjøfinsk og urmordvinsk (som også har omfatta dei no utdøydde språka), slik at alle dei andre uralske språka har vore utanfor dette urspråket. Argumentet mot eit eige finsk-samisk urspråk er at det er vanskeleg å finne språktrekk som gjeld berre finsk og samisk, men som held mordvinsk utanfor. Allereie Arvid Genetz viste t.d. at vokalismen i samisk kan bli forklart med ei samanlikning av samisk, austersjøfinsk og mordvinsk. Dette synet var omstridd i samtida (både av E.N. Setälä og K.B. Wiklund), men vart rehabilitert av Erkki Itkonen i 1937.[2] Sjølv om den sentrale rolla til mordvinsk for forståinga av samisk og finsk språkhistorie på denne måten kom attende etter 50 år, vart likevel tanken om eit finsk-samisk urspråk ståande.

På 1990-talet argumenterte m.a. Tapani Salminen for ein modell utan gruppering av dei 7 uralske språkgreinene, og dermed verken finsk-samiske eller finsk-samisk-mordvinske urspråk, men dette synet har ikkje slått gjennom.

Dei siste to tiåra har gjeve ny innsikt i uralsk språkhistorie, og det er ikkje umogleg at eitt av resultata av denne nye innsikta vil føre til at hypotesen om eit finsk-samisk urspråk utan mordvinsk.

Lydsystem[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Samisk lydhistorie.

For det finsk-samiske urspråket er det mogleg å rekonstruere følgjande lydsystem.

  • konsonantar: p t k s s' š c ć č m n ń ŋ δ δ' l r v j
  • vokalar, første staving: i ü u e o ä a
  • vokalar, andre staving: e o ä a

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

For det finsk-samiske urspråket er det rekonstruert følgjande seks kasus:[3]

  • nominativ: * -ø
  • genitiv: * -n
  • akkusativ: * -m
  • lokativ: * -nA
  • ablativ: * -tA
  • lativ: * -k, -s

Genitiv har vorte brukt også som dativ (for å uttrykke indirekte objekt). Sannsynlegvis har objektet vorte uttrykt både med akkusativ og med eit separat partitivt kasus, evt. med ablativ. Denne kasusvekslinga finst både i austersjøfinsk og i mordvinsk, og det er restar av henne også i fleire samiske språk.

Det har vore tre numerus:[3]

  • Eintal (singular): * -ø
  • Total (dual): * -k-, -n-
  • Fleirtal (plural): * -t (i nominativ og akkusativ), -j (i andre kasus)

Possessivformene har uttrykt numerus for både eigar og eigd.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. For ei drøfting, sjå Aikio 2013:68ff, som også inneheld referanse til tidlegare forsking.
  2. jf. Erkki Itkonen Der Ostlappische Vokalismus vom qualitativen Standpunkt aus mit besonderer Berücksichtigung des Inari- und Skoltlappischen (1939), og ei overordna drøfting i Korhonen, Mikko 1986: Finno-Ugrian language studies in Finland 1828-1918. The History of learning and science in Finland 1828-1918 ; 11. Helsinki, 1986.
  3. 3,0 3,1 3,2 Hakulinen 1979.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]