Terrestrisk planet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dei indre planetane, og samanlikning av storleikane deira.

Ein terrestrisk planet, tellurisk planet eller steinplanet er ein planet som hovudsakleg er bygd opp av silikatbergartar. Uttrykket kjem av det latinske ordet for jorda som er Terra. Så uttrykket tyder at desse planetane er «jordliknande». Terrestriske planetar er vesentleg annleis enn gasskjempene, som ikkje har faste overflatar og som hovudsakleg er bygd opp av hydrogen, helium og vatn i forskjellige fasetilstandar. Terrestriske planetar har meir eller mindre same struktur, ei sentral metallisk kjerne, for det meste jarn, med ein mantel rundt senteret bygd opp av silikatar. Månen er liknande, men manglar jarnkjernen. Terrestriske planetar har djupe kløfter, krater, fjell og vulkanar. Dei har òg ein sekundær atmosfære, som er danna av intern vulkanisme eller kometnedslag, i motsetnad til gasskjempene som har ein primær atmosfære, som vart danna frå den opphavlege soltåka rundt sola.

Solsystemet vårt inneheld fire terrestriske planetar: Merkur, Venus, jorda og Mars, og ein terrestrisk dvergplanet, Ceres. Lekamar som Pluto liknar dei terrestriske planetane, og har fast overflate, men består hovudsakleg av is. Under danninga av solsystemet var det antakelegvis mange fleire terrestriske planetar, men desse har anten smelta saman med eller vorte øydelagd av dei fire andre terrestriske planetane i soltåka. Ein kjenner berre til ein terrestrisk planet med aktiv hydrosfære, og det er jorda.

Terrestriske planetar utanfor Solsystemet[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste av planetane ein har funne utanfor Solsystemet vårt så langt har vore gasskjemper, rett og slett fordi gasskjempene er større og derfor enklare å oppdage. Ein kjenner derimot til ei heil rekkje planetar som kan vere eller er terrestriske.

Dei første terrestriske planetane som vart oppdaga utanfor Solsystemet vart oppdaga av Aleksander Wolszczan rundt pulsaren PSR B1257+12. Massane deira er 0,02, 4,3 og 3,9 jordmassar. Planetane vart oppdaga fordi dei forstyrra radiostrålene frå pulsaren når dei passerte forbi. Hadde dei ikkje kretsa rundt ein pulsar, ville dei heller ikkje vorte oppdaga.

Mange astronomar trudde dei hadde funne ein gigantisk terrestrisk planet kalla 51 Pegasi b, i omlaup rundt ei stjerne som sola, sidan ein trudde at det ikkje kunne eksistere gasskjemper så nær ei stjerne (0,052 AU) som 51 Pegasi b var. Vidare målingar av diameteren viste derimot at det var ei gasskjempe.

I juni 2005, vart den første planeten som nesten sikkert er terrestrisk funne rundt den raude dvergstjerna Gliese 876, 15 lysår unna. Planeten har ein masse som er seks til ni gongar så stor som jorda sin, og ein omlaupsperiode på berre to jorddagar.

10. august 2005 fann andre astronomar teikn på ein kald planet kalla OGLE-2005-BLG-390Lb, med masse rundt 5,5 gongar jordmassen, i omlaup rundt ei stjerne om lag 21 000 lysår borte i stjernebilete Skorpionen. Planeten vart oppdaga med ein teknikk kalla mikrolinseeffekt, som kan finne kalde planetar med massar like stor som jorda.

Allereie våren 2005 fann ein mikorlinsesignal som indikerte ein planet, kalla OGLE-2005-BLG-169Lb, som har masse 13 gonger større enn jorda, og går i omlaup rundt ei stjerne om lag 9000 lysår borte. Denne planeten kan derimot vere ei gasskjempe. Denne planeten krinsar rundt stjerna i ein avstand som er om lag det same som asteroidebeltet i solsystemet vårt har til sola.

Teoretisk sett har ein to typar terrestriske planetar, ein som er bygd opp av silikatar, som jorda, og ein som hovudsakleg er bygd opp av karbonar, som fleire asteroidar.

Ein er for tida i gang med å utvikle teleskop som skal gjere det mogeleg å ta bilete av planetar utanfor Solsystemet vårt. Desse er mellom anna Terrestrial Planet Finder, Teleskopet Darwin, New Worlds Imager, og Overwhelmingly Large Telescope.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Eit måleri av jorda

Kjelder[endre | endre wikiteksten]