The Bel-Airs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Bel-Airs
OpphavLos Angeles i USA
Aktiv1961-1963
SjangerSurferock
Tilknytte artistarThe Challengers, Eddie & the Showmen
PlateselskapArvee

The Bel-Airs var eit tidleg og viktig surferockband frå South Bay i Los Angeles og var aktiv tidleg i 1960-åra.[1]

Dei var mest kjend for hitten sin «Mr. Moto» frå 1961, ein instrumental surferocksong memd ein flamenco-inspirert intro og ein pianosolo i mellomspelet. Temaet i songen vart nytta i soloen til songen «Seed» av Sublime.

Då dei vart oppløyst skipa gitaristen Eddie Bertrand Eddie & the Showmen i 1964, medan gitaristen Paul Johnson vart med i Cat Mother & the All Night Newsboys i 1970. Den opphavlege Bel-Airs-trommisen Dick Dodd vart med Bertrand i Eddie & the Showmen, og spelte seinare i The Standells, der han spelte trommer og song på hitten deira «Dirty Water» frå 1966.[2] Richard Delvy erstatta Dick Dodd på trommer og skipa seinare surfegruppa The Challengers.

Johnson har halde fram med musikk og har mellom anna vore medlen i Jim Fuller si utgåve av The Surfaris sidan 1990.[3] Bertrand fortsette òg med musikkk og turnerte som Eddie and the Soundwaves.[4] Dodd har delteke i fleire nyare utgåver av The Standells.

Eddie Bertrand døydde av kreft i november 2012.[5]

Bandmedlemmar[endre | endre wikiteksten]

  • Paul Johnson (gitar)
  • Eddie Bertrand (gitar)
  • Richard Delvy (trommer, erstatta Dick Dodd)
  • George Dumeshousen (trommer)
  • Dick Dodd (trommer)
  • Chas Stuart (saksofon)
  • Steve Lotto (bass og vokal)
  • Jim Roberts (piano)
  • Art Fisher (sologitar), erstatta Eddie Bertrand

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • « Mr Moto» med «Little Brown Jug» (1961)
  • « Charlie Chan» med «Baggies» (1964)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic
  2. Profile of The Standells; www.classicbands.com.
  3. «Surfari Section - Paul Johnson's Guitar Heaven». Pjmoto.com. 
  4. See Chris MacDonald, Surf Museum «sizzles» with summer concert; www.beachcalifornia.com. Undated news release and video in relation to Huntington Beach International Surfing Museum.
  5. «Influential surf gitarist Eddie Bertrand of the Bel-Airs dies». Los Angeles Times. 2. november 2012. Henta 3. mars 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]