The Remains

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Remains
The Remains 1966.jpg
The Remains i 1966
OpphavBoston i USA
Aktiv1964-1966, sidan 1998
SjangerRock, garasjerock, proto-punk
PlateselskapEpic, Rock-A-Lot
Tidlegare medlemmer

The Remains (stundom kalla «Barry and the Remains») var ei rockegruppe midt på 1960-talet frå Boston, leia av Barry Tashian. Sjølv om The Remains aldri slo gjennom nasjonalt, var dei særs populære i New England, og var eit av banda som varma opp for The Beatles under den siste turneen deira i 1966.

The Remains vart oppløyst i 1966, men musikken deira fekk etter kvart ein sterk internasjonal fanskare. Dei byrja å spele igjen seint i 1990-åra og er framleis aktive.

1960-åra[endre | endre wikiteksten]

The Remains vart skipa i 1964 i Boston University, der alle dei fire medlemmane studerte og budde på same sovesal. Songaren og gitaristen Barry Tashian og klaverspelaren Bill Briggs var frå Westport i Connecticut, trommeslagaren Chip Damiani kom frå Wolcott i Connecticut, og bassisten Vern Miller kom frå Livingston i New Jersey. Dei byrja å spele andre sine R&B- og rock and roll-songar, i tillegg til nokre songr Tashian hadde skrive, i The Rathskeller, ei kro like ved sovesalen deira. Dei vart raskt populære i nærområdet.[1]

Bandet vart eit populært konsertband i New England og hadde ei framsyning på eit CBS-program på TV, The Ed Sullivan Christmas Show i 1965. Etter at dei fekk kontrakt med Epic Records, fekk dei ein lokal hit med den fengande Tashian-originalen «Why Do I Cry», og den drivande versjonen deira av Bo Diddley/Willie Dixon-klassikaren «Diddy Wah Diddy». I 1965 flytta The Remains til New York City - der dei deltok på 'The Ed Sullivan Show' - og så, etter kring eit år, flytta dei til California. Dei spelte inn albumet The Remains, spelte på TV-programmet Hullabaloo', og gav ut singelen «Don't Look Back».[2]

I 1966 kom høvet som kunne ha vore det store nasjonale gjennombrotet deira, men som i staden vart det siste dei gjorde. Dei fekk tilbodet om varme opp for The Beatles på den tre veker lange, siste turneen deira. Like før turneen starta, slutta trommeslagaren Chip Damiani, og vart erstatta av den framtidige Mountain-trommisen N.D. Smart. Tashian sa dette i 2012: «Me hadde alltid vore oss fire og me hadde spelt hundrevis av konsertar som oss fire og brått kjem denne svære turneen og bang! Me må spele han med ein ny trommis som ikkje hadde den same kjensla som Chip hadde. Han var absolutt ein flink trommis, men det var ikkje det same bandet. Eg følte det som om flammen var i ferd med å sløkkjast utan den originale trommisen vår.»[1]

Bandet vart oppløyst seint i 1966 og EPic gav ut debutalbumet deira til lite oppstuss.[2]

Gjenoppstand[endre | endre wikiteksten]

Som mange av garasjerocksongane på 60-talet, fekk The Remains gradvis ein kultstatus og byrja etter kvart å spele konsertar i 1998. I 2006 hadde dei ein turné i Europa. Dei spelte inn eit nytt album, Movin' On i 2002.[3]

Sjølv om dei no vert rekna som eit garasjerockbandet, var The Remains dugande musikarar og sjølv om innspelingane deira var ganske harde, var dei velproduserte og arrangerte.

Den siste singelen til bandet, «Don't Look Back», skriven av Billy Vera, kom med på samlealbumet Nuggets: Original Artyfacts From the First Psychedelic Era i 1972, som var med på å inspirere punkrocken seinare på 70-talet. Ein seinare, utvida versjon av albumet inkludert òg den første singelen til The Remains, «Why Do I Cry»[4]

«Why Do I Cry» vart nytta i filmen Superbad (2007).[5]

I 2007 gav Epic/Legacy ut The Remains-albumet på ny og fekk følgjande melding frå rockejournalisten Mark Kemp i magasine Paste (juni 2007): «Hadde desse gutane frå Boston halde ut lenger enn debuten frå 1966, kunne me kanskje ha kalla dei - og ikkje The Stones - det beste rock and roll-bandet i verda i dag. Slik som det er, er The Remains utan tvil det største, tapte bandet frå Amerika.»

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum
Andre album
  • Live in Boston (1984, Eva #12024; spelt inn i 1964-1966) (dette er faktisk spelt inn i eit studio i New York i 1966 som A Session with the Remains, men med dårlegare lydkvalitet og med falskt publikum oppå)
  • A Session with the Remains (1996, Sundazed; prøvespelinga deira for Capitol Records 1966)
  • Barry and the Remains (1991, Sony; spelt inn i 1964-1966, inneheld songar frå The Remains og nokre ekstra spor)
Singlar
  • «Why Do I Cry» (1965, Epic)
  • «I Can't Get Away from You» (1965, Epic)
  • «Diddy Wah Diddy» (1966, Epic)
  • «Don't Look Back» (1966, Epic)
  • «Monbo Time» (2010)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Defend Yourself!: Barry And The Remains». DigBoston. 2012-01-13. Henta 30. april 2018. 
  2. 2,0 2,1 «The Remains». The Remains. Henta 30. april 2018. 
  3. «Movin' On - The Remains, Barry & the Remains - Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 30. april 2018. 
  4. «Various - Nuggets - Original Artyfacts From The First Psychedelic Era 1965-1968 (CD) at Discogs». Discogs.com. Henta 30. april 2018. 
  5. «Superbad». IMDb.com. Henta 2014-06-14. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]