The Remains av The Remains

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Remains
Studioalbum av The Remains
Utgjeve 26. september 1966
Innspelt 1966
Sjanger
Lengd 25:46
Selskap Epic
Produsent Bruce Patch
The Remains-kronologi 
The Remains Movin' On
(2002)


The Remains (1966)

The Remains er debutalbumet til det amerikanske garasjerockbandet The Remains. Det kom ut på Epic Records den 26. september 1966. Sjølv om albumet i stor grad vart oversedd då det kom ut, har det med tida fått status som eit av dei betre albuma frå denne tida.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

The Remains vart skipa i 1964 og etablerte seg raskt som eit populært band i New England, og heldt utselde konsertar for ein lojal fanskare. I 1965 nådde populariteten til gruppa eit klimaks og dei hadde fire regionale hittar for Epic Records og spelte på The Ed Sullivan Show.[2] Før dei spelte inn debutalbumet hadde manageren deira John Kurland, fått arrangert ei prøvespeling på Capitol Records den 26. mai 1966.[3] I følgje gitaristen Barry Tashian, var gruppa interesserte i å byte selskap fordi «Hos Epic var me misnøgde med at me kjende oss som dei stakkarslege syskenbarna til Bobby Vinton, Ed Ames og The Yardbirds, som var dei bestseljande artistane til Epic på den tida».[4] Prøvespelinga førte ikkje til platekontrakt og kom sidan ut på Sundazed Records som A Session with the Remains.[5]

Innspelinga av albumet fortsette i midten av 1966, samstundes som The Remains førebudde ein turné i lag med The Beatles. I studio utforska dei forskjellige musikalske retningar som ein gitar-raveup på opningssporet «Heart», Jagger-aktige snerring på «Lonely Weekend», og den tidlege R&B-aktige hittane «Why Do I Cry?» og «Diddy Wah Diddy».[6] Den mest fullendte songen på The Remains vert rekna å vere «Don't Look Back». Denne kom sidan ut på Nuggets: Original Artyfacts from the First Psychedelic Era, 1965-1968.[7]

The Remains kom ut på Epic Records den 26. september 1966, men då var gruppa alt oppløyst. Som følgje av dette marknadsførte ikkje selskapet albumet, og det vart i stor grad gløymd, sjølv blant fansen til The Remains.[8] Albumet vart gjeven ut på ny fleire gonger. Først på det sjølvstendige selskapet Spoonfed Records i 1978, og så på CD i 1991 på Epic Records med bonusspor frå singlane deira.[9] Albumet vart òg gjeve ut på Sundazed Records i 2009.[10]

Musikkritikaren Richie Unterberger skreiv for Allmusic at dei «hadde mykje profesjonell finesse i dei angripane og skarpe songane sine, og høyrdest stundom ut som ei blanding av The Beatles og The Zombies med sine energiske harmoniar og blanding av gitar og elektrisk piano».[11] Mark Kemp skreiv for Paste Magazine at «Hadde desse Bosston-gutane halde ut lenger enn debuten i 1966, kunne me kanskje ha kalla dei - og ikkje The Stones - det beste rockebandet i verda i dag. Slik som det er, er The Remains heilt klart det største av dei tapte banda i Amerika».[6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Heart»Georges Aber, Tony Hatch2:36
2.«Lonely Weekend»Charlie Rich3:20
3.«Don't Look Back»Billy Vera2:35
4.«Why Do I Cry?»Barry Tashian2:45
5.«Diddy Wah Diddy»Ellas McDaniel, Willy Dixon2:32
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«You Got a Hard Time Coming»Barry Tashian, Vern Miller2:04
7.«Once Before»Vern Miller, Chip Damiani2:07
8.«Thank You»Barry Tashian3:14
9.«Time of Day»Barry Tashian2:16
10.«Say You're Sorry»Bill Briggs[12]2:17

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fleming, Colin (3. juni 2016). «10 Wild LPs From Garage Rock's Greatest Year». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 5. februar 2018. Henta 4. november 2016. 
  2. «The Remains». theremains.com. Henta 30. april 2018. 
  3. «A Session with the Remains (CD booklet)». Sundazed Records. 1996. 
  4. «Barry Tashian/Remains». benmclane.com. Henta 30. april 2018. 
  5. Unterberger, Richie. «A Session with the Remains - Review». allmusic.com. Henta 30. april 2018. 
  6. 6,0 6,1 Kemp, Mark. «A (Much) Bigger Bang». Paste Magazine. Henta 30. april 2018. 
  7. Planer, Lindsay. «Don't Look Back - Review». allmusic.com. Henta 30. april 2018. 
  8. «Interview with Barry Tashian». earcandymag.com. Henta 30. april 2018. 
  9. Deming, Mark. «The Remains - Review». allmusic.com. Henta 30. april 2018. 
  10. «The Remains Deluxe Mono Edition». sundazed.com. Arkivert frå originalen 21. januar 2016. Henta 30. april 2018. 
  11. Unterberger, Richie. «Barry and the Remains - Review». allmusic.com. Henta 30. april 2018. 
  12. «The Remains - The Remains». Discogs. Henta 16. januar 2018.