Beatrix Potter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Beatrix Potter
Beatrix Potter (Mrs Heelis) cropped.jpg
Beatrix Potter (Heelis) med hunden Kep i 1913 eller 1914, fotografert av far hennar.
Fødd 28. juli 1866
South Kensington
Død

22. desember 1943 (77 år)
Near Sawrey

Yrke skribent, illustratør, kunstmålar, barnebokforfattar, mykolog, scientific illustrator, botanikar, romanforfattar
Sjanger eventyr
Far Rupert William Potter
Mor Helen Leech
Ektefelle William Heelis
Signatur Signatur
Beatrix Potter på Commons

Helen Beatrix Potter (28. juli 186622. desember 1943) var ein engelsk forfattar, illustratør, naturforskar og landskapsvernar. Ho er best kjend for barnebøkene sine om dyr, som The Tale of Peter Rabbit.

Potter var fødd i London i ein familie frå den øvre middelklassen, og hadde ein barndom isolert frå andre barn der ho blei utdanna av guvernanter. Ho hadde talrike kjæledyr og hadde feriar i Skottland og Lake District, der ho utvikla ein kjærleik for landskap, flora og fauna, som ho studerte nøye og måla.

Beatrix Potter sine studiar og akvarellar av sopp gjorde henne respektert i feltet mykologi, eller soppforsking. Då ho var i trettiåra gav Potter ut barneboka The Tale of Peter Rabbit, som blei ein stor suksess. Etter dette blei Potter forfattar og illustratør på fulltid.

Potter skeiv tretti bøker, tjuetre av dei var tales eller soger for barn. Med pengane ho tente på bøkene sine, og ein arv etter ei tante, kjøpte Potter gardsbruket Hill Top i Near Sawrey i 1905; ein landsby i Lake District i Cumbria. I løpet av dei neste tiåra kjøpte ho fleire andre gardsbruk i området for å verna om det unike kulturlandskapet. Potter vann også prisar for avlsarbeidet sitt med herdwicksau, og blei ein velståande bonde med ei sterk interesse for landvern. Ho heldt fram med å skriva og illustrera, og utforma produkt knytte til barnebøkene sine, fram til arbeidet med landbruket og det sviktande synet hennar gjorde det vanskeleg å fortsetja.

I 1913, då ho var 47, gifta Potter seg med William Heelis, ein lokal advokat frå Hawkshead. Ho døydde 77 år gammal i 1943 i heimen sin i Near Sawrey. Ho testamenterte nesten all eigedommen sin til verneorganisasjonen National Trust. Ho har fått æra for å ha verna om mykje av landområdet som no utgjer Lake District nasjonalpark. Bøkene til Potter er blitt omsette til ei rekkje språk og selde over heile verda. Sogene hennar har inspirert songar, filmar, ballettar og animasjonar, og livet hennar er blitt skildra i to filmar og ein tv-serie.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn og barndom[endre | endre wikiteksten]

Beatrix Potter og mora Helen Leech Potter, rundt 1876
Far Rupert Potter, Beatrix Potter og bror Bertram Potter i 1894.

Farfaren til Potter, Edmund Potter, var frå Glossop i Derbyshire, og var eigar av det som då var den største kalikotrykkverksemda i England, og parlamentsmedlem.[1]

Far hennar, Rupert William Potter (1832–1914), blei utdanna ved Manchester College av den unitariske tenkjaren James Martineau.[2][3] Deretter utdanna han seg til å bli skrankeadvokat i London. Han gifta seg med Helen Leech (1839–1932) den 8. august 1863 i Hyde Unitarian Chapel i Gee Cross. Helen var dotter av Jane Ashton (1806–1884) og John Leech, ein rik bomullshandlar og skipsbyggjar frå Stalybridge.

Foreldra til Beatrix Potter budde i eit komfortabelt hus i 2 Bolton Gardens i West Brompton, der Helen Beatrix blei fødd 28. juli 1866 og broren hennar Walter Bertram blei fødd 14. mars 1872.[4] Sidan mor og dotter hadde same fornamn, blei Beatrix kalla med mellomnamnet sitt.[5] Rupert hadde arva far sin og investert i aksjar, og tidleg på 1890-talet var han blitt svært rik.[6]

Begge sider av Potter-familien kom frå Manchester-området.[7] Dei var engelske unitaristar,[8] ei av dissentargruppene i England, som la vekt på einskapen til Gud og fornekta doktrinen om treeininga. Begge foreldra hadde kunstnariske anlegg,[9] Rupert Potter var ein dedikert amatørfotograf.[10][a]

Som ung var Beatrix mykje sjuk.[5] Ho blei utdanna heime av tre guvernanter. Den siste av dei var Annie Moore (fødd Carter), som berre var tre år eldre enn Beatrix, og gav henne opplæring i tysk og var selskapsdame for henne.[11] Ho og Beatrix blei verande vennar ut livet, og dei åtte barna til Annie fekk fleire forseggjorte biletbrev frå Potter. Det var Annie som seinare føreslo at desse breva kunne passa som barnebøker.[12]

Beatrix Potter og den yngre broren hennar Walter Bertram (1872–1918) voks opp med få venner utanfor den store slekta si. Foreldra var naturinteresserte, og familien drog ofte til landet. Som barn hadde både Beatrix og Bertram talrike små dyr som kjæledyr som dei observerte nøye. Begge teikna også flittig. I skulerommet sitt hadde borna fleire dyr – myser, kaninar, eit piggsvin og nokre flaggermus, i tillegg til samlingar av sommarfuglar og andre insekt – som dei teikna og studerte.[13] Beatrix var nøye med å ta seg av dyra sine, og tok dei ofte med seg på lange feriar.[14] I dei fleste av dei fyrste femten åra av livet sitt drog Beatrix i sommarferien til Dalguise, ein eigedom ved Tay-elva i Perthshire i Skottland. Der teikna ho og utforska landskapet, og utvikla observasjonsevnene og fantasien sin.[15] Beatrix og broren fekk mykje fridom på landet, og lærte mykje om naturhistorie. Ho sette også pris på å prata med og høyra historier frå lokale folk, som den gamle vaskekona Kitty McDonald og den pensjonerte steinhoggaren James Malloch.[16]

I 1882, då Dalguise ikkje lenger var tilgjengeleg, hadde familien Potter sin fyrste sommarferie i Lake District, i Wray Castle i nærleiken av den kjende innsjøen Windermere.[17] Her møtte Beatrix Hardwicke Rawnsley, soknepresten i Wray og seinare ein av grunnleggjarane av National Trust. Interessa hans for landskapet og det tradisjonelle livet her inspirerte det same i Beatrix, og fekk ein varig innverknad på livet hennar.[18][19]

Då ho var rundt 14 byrja Beatrix å skriva dagbok. Denne blei skriven i ein kode ho hadde laga sjølv, ein enkel bokstavsubstitusjon. Hennar Journal var viktig for utviklinga av kreativiteten hennar, og blei brukt både til skisser og litterære eksperiment: ho skreiv om samfunnet, eigne inntrykk av kunst og kunstnarar, gjenfortalde historier og observerte livet rundt seg.[20] Dagboka blei dekoda og transkribert av Leslie Linder i 1958. Ho gjev ikkje eit særs personleg bilde av Beatrix Potter, men er ei nyttig kjelde til å forstå ein del av livet i britisk samfunn på slutten av 1800-talet. Dagboka dokumenterer også dei mognande kunstnariske og intellektuelle interessa til Potter, innsikta hennar kring stadane ho vitja og den uvanlege evna hennar til å observera naturen og skildra han. Dagbokskrivinga byrja i 1881 og enda i 1897, då ho la energien sin i naturforsking og forsøk på å gje ut teikningane sin.[21] Potter var gåverik, men reservert og keia seg ofte. Ho var på leit etter meir sjølvstendige sysla og ønskte å tena eigne pengar samstundes som ho pliktoppfyllande tok seg av foreldra sine, særleg den krevjande mor si,[22] og styrte dei ulike hushalda deira.

Vitskapleg arbeid[endre | endre wikiteksten]

Beatrix Potter si teikning av reproduksjonssystemet til Hygrocybe coccinea, 1897.

Foreldra til Beatrix Potter var ikkje imot høgare utdanning for dottera, men det var vanleg i viktoriatida at jenter av hennar klasse blei utdanna heime, og dei studerte sjeldan ved universitet.[23]

Potter interesserte seg for alle greiner av naturvitskap bortsett frå astronomi.[24] Botanikk var ein lidenskap for mange viktorianarar, og naturstudiar var utbreidde. Potter samla fossil,[25] studerte arkeologiske funn frå utgravingar i London og var interessert i entomologi. Innan alle desse felta teikna og måla ho døma sine med aukande evner. På 1890-talet hadde dei vitskaplege interessene hennar peila seg inn på mykologi, eller sopplære. Ho blei fyrst interessert i sopp på grunn av fargane deira og kor forgjengelege dei var i naturen. Etter å ha gleda seg over å måla dei fekk ho ei djupare interesse etter å ha møtt Charles McIntosh, ein sjølvlært naturforskar og mykolog, under eit sommaropphald i Dunkeld i 1892. Dei byrja brevveksla, og han hjelpte henne med å gjera illustrasjonane meir nøyaktige, lærte henne taksonomi og forsynte henne med levande prøvar ho kunne måla om vinteren. Potter var nyfiken på korleis soppar formeira seg, og byrja teikna mikroskopiske bilde av soppsporar. I 1895 utvikla ho ein teori om korleis dei spira.[26] Gjennom nettverket til onkelen sin, sir Henry Enfield Roscoe som var kjemikar og rektor ved University of London, fekk ho møta botanikarar ved Kew Gardens. Her overtydde ho George Massee om evna si til å få sporar til å spira og teorien sin om hybridisering.[27]

Etter å ha blitt avvist av William Thiselton-Dyer, direktøren for Kew, på grunn av kjønnet sitt og statusen som amatør, skreiv Beatrix Potter ned konklusjonane sine og skreiv ein artikkel, On the Germination of the Spores of the Agaricineae, for Linnean Society i 1897. Han blei introdusert for forsamlinga av Massee fordi Potter, som kvinne, ikkje hadde løyve til å delta på møta deira eller lesa artikkelen for dei. Seinare trekte Potter tilbake artikkelen, etter å ha funne ut at nokre av prøvane hennar var ureina, men ho fortsette mikroskopstudia sine i fleire år etter dette. Artikkelen hennar blei nyleg gjenoppdaga, saman med dei kunstnariske illustrasjonane som høyrer til.[28][29][30] Potter gav seinare dei andre mykologiske og vitskaplege teikningane sine til Armitt Museum and Library i Ambleside, der mykologar har brukt dei for å identifisera sopp. Perth Museum and Art Gallery i Perth i Skottland har også ei samling av soppmåleria hennar som blei donerte til dei av Charles McIntosh. I 1967 tok mykologen W.s.K. Findlay med fleire av dei kunstnariske og nøyaktige illustrasjonane til Potter i boka si Wayside & Woodland Fungi, slik at ønsket hennar om å ein dag få soppteikningane sine publiserte endeleg blei oppfylt.[31] I 1997 kom Linnean Society med ei posthum orsaking til Potter for sexismen dei hadde vist henne i handsaminga av forskinga hennar.[32]

Kunstnarisk og litterær karriere[endre | endre wikiteksten]

Fyrsteutgåva av Peter Rabbit frå 1902

Potter sine kunstnariske og litterære interesser var inspirerte av eventyr, alvar og fantasiverk. Ho kjende til klassiske europeiske eventyr, verka til Grimm og H.C. Andersen, og voks opp med soger frå Det gamle testamentet, Æsops fablar, Shakespeare,[33] The Pilgrim's Progress av John Bunyan, Uncle Tom's Cabin av Harriet Beecher Stowe, The Water Babies av Charles Kingsley,[34] skotske soger og mytar, dei tyske romantikarane og romanane til sir Walter Scott.[35] Som lita, før ho var åtte, hadde bøker som A Book of Nonsense av Edward Lear, med diktet The Owl and the Pussycat, og Alice in Wonderland av Lewis Carroll gjort inntrykk, sjølv om ho seinare sa om Alice at ho var meir interessert i John Tenniel sine illustrasjonar enn kva dei handla om.[36] Brer Rabbit-sogene til Joel Chandler Harris hadde vore omtykte i familien, og ho studerte seinare Uncle Remus-sogene hans og illustrerte dei.[37] Ho studerte bokillustrasjon frå ung alder og utvikla sine eigne smakar, men arbeida til biletboktrekløveret Walter Crane, Kate Greenaway og Randolph Caldecott hadde sterk innverknad.[38] Då ho byrja å illustrera valde ho fyrst tradisjonelle rim og soger som Oskepott, Tornerose, Ali Baba og dei førti røvarane, Katten med støvlane og Raudhette.[39] Som oftast var likevel illustrasjonane hennar fantasifulle avbildingar av hennar eigne dyr: myser, kaninar, kattungar og marsvin.[40]

I tenåra vitja Potter jamleg kunstgalleri i London, der ho særleg likte sommar- og vinterutstillingane til Royal Academy.[41] Dagboka hennar viser ei aukande forståing som kritikar og påverknaden frå venen til far hennar, kunstnaren John Everett Millais, som merka seg talentet Beatrix hadde for observasjon. Sjølv om Potter var kjend med kunst og kunstnariske trendar, var teikne- og skrivestilen ho utvikla heilt hennar eigen.[42]

Toads Tea-party. Rimillustrasjon frå ca. 1905 av Beatrix Potter.

På 1890-talet prøvde Beatrix og broren å tena litt pengar ved å trykka julekort og andre kort dei hadde utforma sjølv. Myser og kaninar var det ho måla mest av. I 1890 kjøpte forlaget Hildesheimer & Faulkner fleire av teikningane av kaninen hennar Benjamin for å illustrera vers av Frederic Weatherly med tittelen A Happy Pair. I 1893 kjøpte same forleggjar fleire nye teikningar til Our Dear Relations av Weatherly, endå ei samling vers, og året etter selde Potter ein serie froskeillustrasjonar og vers til Changing Pictures, ei populær årbok gjeven ut av kunstforleggjaren Ernest Nister. Potter var nøgd med denne suksessen, og bestemte seg for å prøva å gje ut sine eigne illustrerte soger.[43]

Når Potter drog på ferie i Lake District eller Skottland sende ho ofte brev til barn ho kjende, ungane til vener og slektningar, og illustrerte dei med skisser. Mange av desse breva laga ho til barna til den tidlegare guvernanta si Annie Carter Moore, særleg til eldstesonen hennar Noel, som ofte var sjuk. I september 1893 var Potter i Eastwood i Dunkeld. Ho hadde ikkje fleire nyhende å fortelja til Noel, så i staden sende ho ei forteljing om fire små kaninar.[b] Dette blei seinare grunnlaget for The Tale of Peter Rabbit, og la grunnlaget for Potter sin karriere som forfattar og illustratør.[44]

Potter sine prøvemanuskript for tre bøker, utforma for å sjå korleis dei trykte bøkene kom tl å sjå ut.

I 1900 gjekk Potter gjennom soga si om dei fire små kaninane, og laga eit manuskript av henne – ein har føreslått at ho var inspirert av Helen Bannerman sin bestseljar frå 1899, The Story of Little Black Sambo.[45] Ho fann ikkje ein forleggjar som ville gje ut boka, og gav henne i staden ut privat for eigne midlar i desember 1901. Boka hadde svart-kvite illustrasjonar med ei farga tittelside, og blei gjevne til vennar og familie. Rawnsley hadde stor tru på soga til Potter, omskriven til ei moralsk forteljing på vers, og kontakta ulike forleggjarar i London med denne. Frederick Warne & Co hadde tidlegare avvist forteljinga, men no ynskte dei å ta del i den veksande marknaden for barnebøker i lite format og gjekk med på å gje ut boka etter råd frå barnebokkunstnaren L. Leslie Brooke.[46] Forlaget valde å bruka den opphavlege teksten til Potter i staden for versa til Rawnsley, og Potter gjekk med på å fargeleggja penn og blekk-illustrasjonane med den nye Hentschel trefargeprosessen for å reprodusera akvarellfargane sine.[47]

Potter brukte mange verkelege stader til illustrasjonane sine. Tower Bank Arms i Near Sawrey opptrer i The Tale of Jemima Puddle-Duck.

2. oktober 1902 kom The Tale of Peter Rabbit ut.[48] Boka blei straks ein suksess, og er blitt rekna for å etablera den moderne biletboka for barn som ein populær sjanger.[49] Året etter følgde The Tale of Squirrel Nutkin og The Tailor of Gloucester, som også hadde byrja som biletbrev til Moore-barna. Med Norman Warne som forleggjar gav Potter ut to eller tre små bøker kvart år, til saman 23 bøker. Den siste boka i dette formatet var Cecily Parsley's Nursery Rhymes frå 1922, ei samling favorittvers. Sjølv om The Tale of Little Pig Robinson ikkje kom ut før i 1930, var ho blitt skriven mange år tidlegare. Potter fortsette å laga desse små bøkene til etter fyrste verdskrigen, då ho retta det meste av energien sin mot gardsdrift, saueavl og landskapsvern.[50]

Den enorme populariteten til Potter sine bøker kom av den livaktige kvaliteten til illustrasjonane hennar, soger som var lite moraliserande, framstillinga av landsbygda, og dei fantasifulle eigenskapane ho gav til dyrefigurane sine.[51][52]

Potter var også ei smart forretningskvinne. Så tidleg som i 1903 laga ho og tok patent på eit kosedyr av Peter Rabbit. I åra som kom følgde andre tilknytte varer som målebøker, brettspel, tapet, figurar, babyteppe og teservise. Alt blei lisensiert av Frederick Warne & Co og gav Potter ei stødig inntekt, i tillegg til store profittar for forleggaren hennar.[53]

I 1905 blei Potter og Norman Warne uoffisielt trulova. Foreldra til Potter var imot forholdet ettersom dei meinte Warne, som forretningsmann, hadde for låg status for dottera. Trulovinga kom uansett berre til å vara i ein månad, for Warne døydde berre 37 år gammal av pernisiøs anemi.[54] Seinare same året brukte Potter ein del av inntektene sine og ein liten arv frå ei tante til å kjøpa Hill Top Farm i Near Sawrey i Lake District. Potter og Warne kan ha håpa å bruka Hill Top Farm som feriehus, men etter at Warne døydde gjennomførte Potter kjøpet fordi ho alltid hadde drøymt om å eiga denne garden og bu i denne landsbyen.[55]

Landsbyliv[endre | endre wikiteksten]

Beatrix og William Heelis fotografert på bryllaupsdagen sin i 1913 av far hennar.
Hill Top i Near Sawrey – heimen til Potter, no eigd av National Trust.

Leigetakaren på garden, John Cannon og familien hans, blei einige med Potter om å bli verande på garden og driva han medan ho dreiv utbygging og lærte seg korleis ein dreiv landbruk i området. Ho interesserte seg særleg for den tradisjonelle sauetypen i området, herdwicksau. For å verna om grensene sine og det vidare landskapet oppsøktet ho W.H. Heelis & Son, eit lokalt advokatselskap med kontor i Hawkshead. Med William Heelis som hjelpar kjøpte ho tilgrensande beiteland, og i 1909 tok ho også over nabogarden Castle Farm på 20 acre (8,1 ha). Ho vitja Hill Top når ho kunne, og bøkene ho skreiv i denne perioden (som The Tale of Ginger and Pickles, som viste den lokale butikken i Near Sawrey, og The Tale of Mrs. Tittlemouse, om ei skogmus som held hus i ein hekk) speglar den aukande interessa og sansen hennar for landsbylivet.[56]

Eigarskapen og drifta av gardane gjorde at Potter rutinemessig måtte samarbeida med den vidt respekterte William Heelis. Sommaren 1912 hadde Heelis fridd til Potter, og ho hadde sagt ja, men fortalde ikkje foreldra sine med ein gong; som venta mislikte dei giftarmålet fordi Heelis berre var ein landsens sakførar. Potter og Heelis blei likevel gifte, den 15. oktober 1913 ved St Mary Abbots i Kensington i London. Paret flytta straks til Near Sawrey der dei budde i Castle Cottage, det renoverte gardshuset på Castle Farm. Hill Top var framleis i normal gardsdrift, men var no blitt ombygd slik at gardbrukaren budde ein stad og Potter hadde privat atelier og verkstad ein annan. Fram til då hadde Potter budd med foreldra sine; no hadde ho sitt eige liv med ektemannen og den store familien hans, gardane sine, landsbylivet i Sawrey og den årlege rundgangen i gardslivet. The Tale of Jemima Puddle-Duck og The Tale of Tom Kitten er døme på verk ho laga på Hill Top Farm og speglar gleda hennar over landsbylivet.[57]

Rupert Potter døydde i 1914. Med utbrotet av fyrste verdskrigen klarte Potter, som no var ei velståande dame, å overtala mora til å flytta frå London til Lake District, og fann ein stad for henne å leiga i Sawrey. Helen Potter syntest at livet i Sawrey var keisamt, og flytta snart til Lindeth Howe, eit stort hus (no eit hotell med 34 rom) familien Potter tidlegare hadde leigd for sommaren i Bowness, på andre sida av Lake Windermere,[58] Potter fortsette å skriva bøker for Frederick Warne & Co samtidig som ho engasjerte seg i lokalsamfunnet. Ho grunnla lokal sjukepleie (Nursing Trust) og var med i lokale komitear og råd for vedlikehald av stiar og liknande saker.[59]

Sauehald[endre | endre wikiteksten]

Ein flokk herdwicksauer

Kort tid etter at ho kjøpte Hill Top Farm blei Potter djupt interessert i avl av herdwicksauer, den lokale hardføre sauerasen. I 1923 kjøpte ho ein storgard i Troutbeck Valley, Troutbeck Park Farm, ein tidlegare hjortepark der ho husa tusenvis av herdwicksauer. Dette gjorde henne til ein av dei største herdwickbøndene i fylket. Gjetarane og gardbrukarane som verka for henne verdsette henne for å vera villig til å eksperimentera med dei nyaste midla mot vanlege sauesjukdommar, og for å tilsetja dei beste folka til gjeting, avl og administrasjon.[60]

Ved slutten av 1920-talet hadde Potter og gardstyraren hennar for Hill Top, Tom Storey, skapt seg eit godt rykte med den prisvinnande herdwickflokken sin. Dei vann fleire prisar ved lokale fesjå, der Potter også ofte blei beden om å dømma. I 1942 blei ho vald til leiar for Herdwick Sheepbreeders' Association som den fyrste kvinna, men døydde før ho kunne ta opp stillinga.[61]

Vern av Lake District[endre | endre wikiteksten]

Potter hadde lenge følgd ideala om landskapsvern til vennen og rettleiaren gjennom mange år, Hardwicke Rawnsley, ein av grunnleggjarane av og den fyrste sekretæren for National Trust for Places of Historic Interest or Natural Beauty. Ho støtta National Trust sine mål om å ta vare på ikkje berre ta vare på særskild vene stader, men også dalar og beiteområde som kunne bli ugjenkalleleg skadde av utbygging. Potter var også ein autoritet på lokale tradisjonelle handverk, møblar og steinarbeid. Ho restaurerte og vedlikeheldt gardane ho kjøpte eller dreiv, og sikra at alle gardane hadde minst eit antikt Lakeland-møbel. Potter interesserte seg ikkje berre for herdwicksauene, men også for det tradisjonelle sauehaldet i det åslendte terrenget. I 1930 byrja paret Heelis eit samarbeid med National Trust om å kjøpa og driva gardar i området omfatta av den store eigedommen Monk Coniston Estate. Denne eigedommen omfatta fleire gardar som var spreidde over eit vidt område i nordvestlege Lancashire, mellom anna Tarn Hows. Potter blei uformelt driftsansvarleg for National Trust i sju år, til organisasjonen hadde samla nok middel til å kjøpa det meste av eigedommen frå henne. Potter si drift av desse gardane gav henne eit godt omdøme, men ho var ikkje utan kritikarar. Særleg meinte ein del samtidige at ho hadde brukt formuen sin og statusen til ektemannen til å kunna kjøpa eigedommane før dei blei lagt ut for ope sal. Ho var tidleg ute med å merka seg problem med gjengroing, og prøvde å halda beiteområde ved like og å utnytta tømmer og steinbrot på gardane. Alle gardane hadde herdwicksauer, og fleire av dei også gallowayfe.

Derwent Water i Lake District i 2009.

Seinare liv[endre | endre wikiteksten]

Potter fortsete å skriva og teikna, men mest for sin eigen del. Bøkene hennar frå sistedelen av 1920-talet omfatta mellom anna den delvis sjølvbiografiske The Fairy Caravan, ei fantasirik forteljing frå Troutbeck-fjella. Boka blei etter Potter sitt ønske berre gjeven ut i USA medan ho levde, og kom fyrst ut i Storbritannia i 1952. Sister Anne, Potter sin versjon av soga om Blåskjegg, blei skriven for den amerikanske marknaden, men illustrert av Katharine Sturges. I dei eldre åra var også synet til Potter blitt dårlegare. Eit siste eventyr, Wag by Wall, blei gjeve ut posthumt av The Horn Book Magazine i 1944.

Potter og William Heelis hadde eit lukkeleg ekteskap som varte i tretti år, der dei samarbeidde om gardsdrift og landskapsvern i den harde tida under andre verdskrigen. Dei hadde ikkje barn, men Potter spelte ei viktig rolle i den store familien til William, særleg i forhold til fleire nieser som ho hjelpte til med å utdanna, og gav støtte og hjelp til ektemannen sine brør og systrer.[62] Potter var også ein sjenerøs støttepelar for jentespeidaren. Ho let troppane deira ha sommarleirar på landet sitt, og likte å vitja dei på sine eldre dagar.[63]

Potter døydde av komplikasjonar frå lungebetennelse og hjartesjukdom den 22. desember 1943 i Castle Cottage, og blei kremert ved Carleton Crematorium. Ho etterlet nesten alt ho åtte til National Trust, medrekna over 4 000 acre (16 km2) land, seksten gardar, hus og flokkar av kveg og herdwicksauer. Gåva hennar var den største National Trust hadde fått til då, og gjorde det mogleg å verna om landskapet som no er del av Lake District nasjonalpark og å fortsetja det tradisjonelle landbruket der.

William Heelis fortsette å ta seg av eigedommane deira og det litterære og kunstnariske verket til kona i dei tjue månadane han levde etter henne. Då han døydde i august 1945, etterlet han resten av eigedommane deira til National Trust.[64]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Goody og and Mrs. Hackee, illustrasjon til The Tale of Timmy Tiptoes, 1911

Potter testamenterte nesten alle dei originale bokillustrasjonane sine til National Trust. Opphavsretten til sogene og dei tilknytte varene blei så gjeven til Frederick Warne & Co, som no er ein del av Penguin Group. 1. januar 2014 laup opphavsretten ut i Storbritannia og andre land med eit utløp 70 år etter døden til ein opphavsperson.

Hill Top Farm blei opna for publikum av National Trust i 1946. Verka til Potter blei stilt ut der fram til 1985 då dei blei flytta til William Heelis sine tidlegare advokatkontor i Hawkshead, som også tilhøyrer National Trust, og opna som Beatrix Potter Gallery.[65]

Potter gav dei mykologiske bileta sine til Armitt Library and Museum i Ambleside før ho døydde. The Tale of Peter Rabbit tilhøyrer Frederick Warne and Company, The Tailor of Gloucester Tate Gallery og The Tale of the Flopsy Bunnies British Museum.[66]

Den største offentlege samlinga av breva og teikningane hennar er ved Victoria and Albert Museum i London som del av Leslie Linder Bequest og Leslie Linder Collection. I USA er dei største samlingane ved Rare Book Department[67] i Free Library of Philadelphia og ved Cotsen Children's Library ved Princeton University.

I 2015 blei det funne eit manuskript til ei Potter-bok som ikkje var blitt utgjeven av Jo Hanks ved Penguin Random House Children's Books, i Victoria and Albert Museum-arkivet. Boka The Tale of Kitty-in-Boots blei gjeven ut med illustrasjonar av Quentin Blake[68] den 1. september 2016, for å markera 150-årsjubileet for fødselen til Potter.[69]

Hovudkontoret til National Trust i Swindon fekk i 2005 namnet «Heelis» til minne om Beatrix Potter (Heelis).

Barndomsheimen til Potter i London blei øydelagd under Blitzen. Bousfield Primary School er bygd på staden, og ein blå plakett på skulen fortel at han var staden der Potter-heimen stod.[70]

I desember 2017 blei asteroiden 13975 Beatrixpotter, oppdaga av den belgiske astronomen Eric Elst i 1992, kalla opp etter henne.[71]

Skildringar av Potter og verket hennar[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon av Potter til Cecily Parsley's Nursery Rhymes (1922)

Det er laga mange skildringar og analysar av verket og livet til Potter og bakgrunnen for verket hennar. Desse omfattar mellom anna litteraturhistoriske studier av barnebøkene hennar av Humphrey Carpenter og Katherine Chandler. Judy Taylor fortel i That Naughty Rabbit: Beatrix Potter and Peter Rabbit (rev. 2002) soga om utgjevinga av det første verket hennar og om seinare utgåver av dette.[72]

Landsby- og gardslivet til Potter er omtalt i verk av Susan Denyer og andre verk frå National Trust, som Beatrix Potter at Home in the Lake District (2004).[73]

Potter sitt verk som vitskapleg illustratør og som mykolog er omtalte i to bøker av Linda Lear: Beatrix Potter: A Life in Nature (2006)[74] og Beatrix Potter: The Extraordinary Life of a Victorian Genius (2008).[75][76]

I 2017 gav Emily Zach ut The Art of Beatrix Potter: Sketches, Paintings, and Illustrations i samband med at Chronicle Books frå San Francisco ville markera 150-årsdagen for fødselen til Potter ved å visa at ho var «far more than a 19th-century weekend painter. She was an artist of astonishing range.»[77]

Potter opptrer i ein bokserie av Susan Wittig Albert, The Cottage Tales of Beatrix Potter. Den fyrste av serien på åtte bøker er Tale of Hill Top Farm (2004), og tek for seg Potter sitt liv i Lake District og landsbyen Near Sawrey mellom 1905 og 1913.[78]

På film og scene[endre | endre wikiteksten]

I 1971 blei det gjeve ut ein ballettfilm, The Tales of Beatrix Potter, regissert av Reginald Mills med musikk av John Lanchbery og koreografi av Frederick Ashton. Rollene blei utført i dyrekostyme av utøvarar frå Royal Ballet og Royal Opera House-orkesteret.[79] Balletten av same namn er blitt framført av andre dansekompani over heile verda.[80]

I 1992 var Potter si bok The Tale of Benjamin Bunny med i filmen Lorenzo's Oil.[81]

I 1982 produserte BBC filmen The Tale of Beatrix Potter, ei dramatisering av livet hennar skriven av John Hawkesworth og regissert av Bill Hayes, med Holly Aird som den unge og Penelope Wilton som den vaksne Beatrix. TV-serien The World of Peter Rabbit and Friends bygde på ni av sogene hennar, og hadde Niamh Cusack i rolla som Beatrix Potter.[82]

I 1993 laga Weston Woods Studios ein film på nesten ein time med tittelen Beatrix Potter: Artist, Storyteller, and Countrywoman, med Lynn Redgrave som forteljar og med musikk av Ernest Troost.

I 2006 regisserte Chris Noonan den biografiske filmen Miss Potter, som fokuserte på den tidlege karrieren til Potter og forholdet til redaktøren hennar Norman Warne. Filmen hadde Renée Zellweger, Ewan McGregor og Emily Watson i hovudrollene.[83]

9. februar 2018 gav Columbia Pictures ut filmem Peter Rabbit, regissert av Will Gluck, som bygde på boka til Potter.[84] Peter Rabbit 2 : The Runaway av Will Gluck kom i 2021.

Verk[endre | endre wikiteksten]

23 Tales[endre | endre wikiteksten]

  1. The Tale of Peter Rabbit (sjølvpublisert, 250 eksemplar, 1901)
  2. The Tale of Peter Rabbit (1902)
  3. The Tale of Squirrel Nutkin (1903)
  4. The Tailor of Gloucester (1903)
  5. The Tale of Benjamin Bunny (1904)
  6. The Tale of Two Bad Mice (1904)
  7. The Tale of Mrs. Tiggy-Winkle (1905)
  8. The Tale of the Pie and the Patty-Pan (1905)
  9. The Tale of Mr. Jeremy Fisher (1906)
  10. The Story of a Fierce Bad Rabbit (1906)
  11. The Story of Miss Moppet (1906)
  12. The Tale of Tom Kitten (1907)
  13. The Tale of Jemima Puddle-Duck (1908)
  14. The Tale of Samuel Whiskers or, The Roly-Poly Pudding (1908)
  15. The Tale of the Flopsy Bunnies (1909)
  16. The Tale of Ginger and Pickles (1909)
  17. The Tale of Mrs. Tittlemouse (1910)
  18. The Tale of Timmy Tiptoes (1911)
  19. The Tale of Mr. Tod (1912)
  20. The Tale of Pigling Bland (1913)
  21. Appley Dapply's Nursery Rhymes (1917)
  22. The Tale of Johnny Town-Mouse (1918)
  23. Cecily Parsley's Nursery Rhymes (1922)
  24. The Tale of Little Pig Robinson (1930)


Andre bøker[endre | endre wikiteksten]

  1. Peter Rabbit's Painting Book (1911)
  2. Tom Kitten's Painting Book (1917)
  3. Jemima Puddle-Duck's Painting Book (1925)
  4. Peter Rabbit's Almanac for 1929 (1928)
  5. The Fairy Caravan (1929)
  6. Sister Anne (illustrert av Katharine Sturges) (1932)
  7. Wag-by-Wall (dekorert av J.J. Lankes) (1944)
  8. The Tale of the Faithful Dove (illustrert av Marie Angel) (1955, 1970)
  9. The Sly Old Cat (written 1906; first published 1971)
  10. The Tale of Tuppenny (illustrert av Marie Angel) (1973)
  11. The Tale of Kitty-in-Boots (2016,[68] illustrert av Quentin Blake.)
  12. Red Riding Hood (2019) (illustrert av Helen Oxenbury.)
  13. The Further Tale of Peter Rabbit av Emma Thompson (illustrert av Eleanor Taylor)
  14. The Christmas Tale of Peter Rabbit av Emma Thompson (illustrert av Eleanor Taylor)
  15. The Spectacular Tale of Peter Rabbit av Emma Thompson (illustrert av Eleanor Taylor)


Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Rupert Potter var medlem av Photographic Society, seinare Royal Photographic Society, frå 1869 til 1912. Informasjon frå Michael Pritchard, Director-General / www.rps.org Arkivert 2. april 2014 ved Wayback Machine., 13. mai 2014.
  2. "four little rabbits whose names were Flopsy, Mopsy, Cottontail and Peter".

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Lear 2007, s. 10–14
  2. Walker, Tim (22. juli 2014). «Mandrake-The Duchess of Cambridge is related to Beatrix Potter, who once gave the Middleton family her own original hand-painted illustrations». Daily Telegraph (UK). s. 8. Henta 16. august 2014. 
  3. Taylor, Judy. «Beatrix Potter – Artist, Storyteller». Frederick Warne, 1996. Henta 15. januar 2014. 
  4. Lear 2007, s. 13–24
  5. 5,0 5,1 «Potter [married name Heelis], (Helen) Beatrix (1866–1943), artist, children's writer, and sheep breeder», Oxford Dictionary of National Biography (på engelsk), doi:10.1093/ref:odnb/9780198614128.001.0001/odnb-9780198614128-e-35584, henta 10. juni 2021 
  6. Lear 2007, s. 19. Rupert came into his father's estate over the course of several years, 1884, 1891 and 1905. The Potters were comfortable but they did not live exclusively on inherited wealth; Lane, (1946) The Tale of Beatrix Potter 1946, s. 1
  7. Lear 2007, s. 10
  8. Lear 2007, s. 9
  9. Lear 2007, s. 21
  10. Lear 2007, s. 35–36
  11. Lear 2007, s. 55
  12. Lear 2007, s. 142; Lane, 1978. The Magic Years of Beatrix Potter. Lane depicts Potter's childhood as much more restricted than either or Potter's two later biographers. Taylor, Beatrix Potter: Artist Story Teller, Ch 1.; Lear, 2007, s. 25–48; Beatrix Potter, The Journal of Beatrix Potter: From 1881–1897.
  13. Lear 2007, s. 31, s. 37–44, s. 458nn15
  14. Judy Taylor, Joyce Irene Whalley, Anne Stevenson Hobbs and Elizabeth Battrick, (1987) Beatrix Potter, 1866–1943: The Artist and Her World, s.9–17, 35–48; Lear, s. 25–48.
  15. Lear 2007, s. 26–8, 51
  16. Norman 2014, s. 49-50.
  17. Lear 2007, s. 51–2
  18. Potter, The Journal, 1885–1897
  19. Lear 2007, s. 52–3
  20. Lear 2007, s.49–51 cf. also s. 463nn1
  21. Potter, "The Journal, 1885–1897"
  22. Lear 2007, s. 94 also cf. s. 474nn55
  23. Taylor, Artist, Storyteller, s. 59–61; Elizabeth E. Battrick, (1999) Beatrix Potter: The Unknown Years; Lynn Barber, (1980) The Heyday of Natural History, Brian Gardiner, "Breatrix Potter's Fossils and Her Interests in Geology", The Linnean, 16/1 (January 2000), 31–47; Lear 2007, s. 76–103; Potter, Journal, 1891–1897.
  24. Lear 2007, s. 98
  25. Brian G. Gardiner, "Beatrix Potter's fossils and her interest in Geology," The Linnean: Newsletter and Proceedings of the Linnean Society of London 16/1 (January 2000), s. 31–47
  26. Lear 2007, s. 81–103
  27. Lear 2007, s. 117
  28. «Beatrix Potter and the Linnean Society». Linnean Society. Henta 1. november 2011. 
  29. Lear 2007, s. 104–25
  30. Watling, Roy (Januar 2000). «Helen Beatrix Potter: Her interest in fungi» (PDF). The Linnean: Newsletter and Proceedings of the Linnean Society of London. s. 24–31. Arkivert frå originalen (PDF) 13. mai 2013. 
  31. Walter Philip Kennedy Findlay, (1967) Wayside & Woodland Fungi
  32. Lear 2007, s. 125, s.482nn58
  33. Lear 2007, s. 95. She liked to memorise his plays by heart.
  34. Lear 2007, s. 30–1
  35. Lear 2007, s. 35. Beatrix said she learnt to read "on" Scott
  36. Lear 2007, s. 34
  37. Lear 2007, s.131. She began eight Uncle Remus drawings in the same year 1893 she began writing the Peter Rabbit picture letters to Noel Moore, completing the last in 1896.
  38. Lear 2007, s. 33
  39. Lear 2007, s. 127–8
  40. Taylor, et al., The Artist and her World, s. 49–70; Potter, Journal, 1884–1897; Humphrey Carpenter (1985), Secret Gardens: The Golden Age of Children's Literature.
  41. Lear 2007, s. 47-8. J.M.W. Turner var den fyrste kunstnaren som imponerte henne.
  42. Taylor, Artist, Storyteller, s. 70–95; Taylor, red. 1989, Beatrix Potters Letters.
  43. Taylor, et al. 1987, s. 107–148; Katherine Chandler, "Thoroughly Post-Victorian, Pre-Modern Beatrix." Children's Literature Quarterly. 32(4): 287–307.
  44. Judy Taylor 1992, Letters to Children from Beatrix Potter.
  45. Stevenson, Laura C. "A Vogue for Small Books": The Tale of Peter Rabbit and its Contemporary Competitors" [1]
  46. Lear 2007, s. 144–7
  47. Hobbs 1989, s. 15
  48. Taylor 1996, s. 76
  49. «picture book». The Oxford Companion to the Book. Oxford University Press. 2010. 
  50. Judy Taylor 2002, That Naughty Rabbit: Beatrix Potter and Peter Rabbit; Lear 2007, s. 207–247; Anne Stevenson Hobbs, red. 1989, Beatrix Potter's Art: Paintings and Drawings.
  51. Kutzer, M. Daphne (2002). Beatrix Potter: Writing in Code. Routledge. s. 165. ISBN 0415943523. Henta 8 July 2019. 
  52. Gristwood, Sarah (2016). The Story of Beatrix Potter. National Trust. s. 99. ISBN 978-1909881808. Henta 8. juli 2019. 
  53. Sjå Judy Taylor 2002, "That Naughty Rabbit"
  54. Lear 2007, s. 198-201
  55. Lear 2007, s. 207
  56. Taylor, red., (2002) Beatrix Potter's Letters; Hunter Davies, Beatrix Potter's Lakeland; W.R. Mitchell, Potter: Her Life in the Lake District.
  57. John Heelis, (1999) The Tale of Mrs William Heelis – Beatrix Potter; Lear, Ch. 13.
  58. McDowell, Marta (2013). Beatrix Potter's Gardening Life: The Plants and Places That Inspired the classic children's tales. Timber Press. s. 116. ISBN 978-1604693638. 
  59. Taylor et al. The Artist and Her World, s. 185–194; Taylor, Artist Storyteller, s. 105–144.
  60. William Rollinson, (1981) How They Lived in the Lake District; Susan Denyer, 1993 Herdwick Sheep Farming; Geoff Brown, (2009) Herdwicks: Herdwick Sheep and the English Lake District; Judy Taylor, red., (1998) Beatrix Potter's Farming Friendshis. Lake District Letters to Joseph Moscrop, 1926–1943.
  61. Lear 2007, s. 381–404
  62. Heelis, Mrs. William Heelis; Taylor, red., Beatrix Potter's Letters.
  63. Jane Morse, red., (1982) Beatrix Potter's Americans: Selected Letters; Susan Denyer, (2000) At Home with Beatrix Potter: The Creator of Peter Rabbit.
  64. Lear 2007, s. 405–440; Taylor, red., Beatrix Potter's Letters; Taylor, et al., The Artist and Her World.
  65. Bruce L. Thompson, 'Beatrix Potter's Gift to the Public'. Country Life (3. mars 1944), 370–371; Taylor, et al., The Artist Storyteller, Ch. 6; Lear 2007, s. 441–447.
  66. «British Museum – Google Arts & Culture». britishmuseum.org. 
  67. «Beatrix Potter collection». Free Library of Philadelphia. 
  68. 68,0 68,1 «Beatrix Potter story Kitty-in-Boots discovered after 100 years». BBC News (BBC). 26. januar 2016. Henta 26. januar 2016. 
  69. Jones, Bryony (26. januar 2016). «Long-lost Beatrix Potter tale, 'Kitty-in-Boots,' rediscovered». CNN. 
  70. «Beatrix Potter's London». Londonist.com. 26. januar 2016. Henta 19. september 2017. 
  71. «13975 Beatrixpotter (1992 BP2)». National Aeronautics and Space Administration. Henta 21. februar 2019. 
  72. Taylor, et al., (2009) The Artist and Her World. Considers Potter's career and life in chapters arranged thematically; The Pitkin Guide to Beatrix Potter.
  73. Denyer, Susan (2004). Beatrix Potter at Home in the Lake District. London: Frances Lincoln in association with the National Trust. ISBN 9780711223813. OCLC 56645528. 
  74. Lear, Linda (2006). Beatrix Potter: A Life in Nature. Allan Lane. ISBN 9780711223813. OCLC 851985653. 
  75. Lear, Linda (2008). Beatrix Potter: The Extraordinary Life of a Victorian Genius. London: Penguin. ISBN 9780141003108. OCLC 901925986. 
  76. McCrum, Robert (7. januar 2007). «Review: Beatrix Potter: A Life in Nature by Linda Lear». The Observer (på engelsk). ISSN 0029-7712. Henta 24. februar 2019. 
  77. http://www.richmond.com/ap/entertainment/article_e2139de6-873f-514d-a2f0-b6029ee885c6.html[daud lenkje]
  78. «Cottage Tales». Susan Wittig Albert. Henta 13. juni 2010. 
  79. Craine, D.; Mackrell, J. (2010). «Tales of Beatrix Potter». The Oxford Dictionary of Dance. Oxford University Press. ISBN 9780199563449. Henta 27 February 2019. 
  80. «Tales of Beatrix Potter». Internet Ballet Database. Arkivert frå originalen 28 February 2019. Henta 27. februar 2019. 
  81. «Lorenzo's Oil (1992) – Full Credits». TCMDB. TCM.com. Henta 26 March 2019. 
  82. Terrace, Vincent (2008). Encyclopedia of Television Series, Pilots and Specials, Volume 2. New York, NY: McFarland. s. 405. ISBN 978-0786433056. 
  83. Puig, Claudia (29. desember 2009). «'Miss Potter' draws on enchantment». USA Today. 
  84. Debruge, Peter (18. februar 2018). «Film Review: 'Peter Rabbit'». Variety. Henta 8. mars 2019. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Brev, dagbøker og skriftsamlingar[endre | endre wikiteksten]

Kunststudiar[endre | endre wikiteksten]

Biografiske studiar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Beatrix Potter ved Wikisource.

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Beatrix Potter
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Beatrix Potter