Theodor Scheerer
Theodor Scheerer | |||
Fødd | 28. august 1813 Berlin | ||
---|---|---|---|
Død | 19. juli 1875 Dresden | ||
Nasjonalitet | Deutsches Reich, Tyskland | ||
Yrke | metallurg, universitetslærar, kjemikar | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo Technische Universität Bergakademie Freiberg | ||
Medlem | Det bayerske vitskapsakademiet Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina Det saksiske vitenskapsakademiet |
Karl Johan August Theodor Scheerer (28. august 1813–19. juli 1875) var ein tysk-norsk bergmann og mineralog.
I 1830-åra var han kjemikar og hyttemeister ved Modum Blaafarveværk, og frå 1841 lektor i metallurgi, proberkunst og fabrikklære ved Universitetet i Christiania. Scheerer oppdaga, skildra og sette namn på heile 16 nye sjeldne mineral frå norske pegmatittgangar, der fem framleis gjeld som førstegangsskildringar (euxenitt-(Y), wøhleritt, polykras-(Y), melifanitt og astrofyllitt). Han oppdaga nikkelmineralet pentlanditt frå Espedalen og påviste nikkelinnhaldet i dei norske nikkelførande kismalmane. Frå 1848 var han professor ved Bergakademiet i Freiberg i Sachsen.
Han gav ut Lehrbuch der Metallurgie (2 bind, 1846–53).
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Karl Johan August Theodor Scheerer». Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014. 14. februar 2009.