Think Nordic

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
PIV3, City Bee
Ford Think, Museum Autovision

Think nordic er ein norsk batteridriven bil med plastkarosseri, produsert i Aurskog-Høland.

Firmaet vart stifta i 1990 under namnet Pivco. Produksjon skjedde i Stanseveien, i Groruddalen i Oslo. Den fyrste prototypeserien, PIV2, var ferdig i 1994. Den neste prototypeserien var PIV3, som òg vart kalla City Bee. Det vart produsert om lag 120 eksemplar av denne typen, som mellom anna var med i prøveprogrammet Station car i Nordcalifornia. Bilen vart òg i stort mon utprøva i Noreg og var mellom anna ei tid tilgjengeleg som utleigebil hjå Statoil.

Prototypeserien PIV3 hadde nokre manglar og var ikkje klar til å settast i serieproduksjon. Det vart difor sett i gang eit stort utviklingsprosjekt for å utvikla ein bil som kunne serieproduserast. Dette arbeidet tok meir tid enn venta og økonomien tok til å skranta.

Think City

Det enda med at Pivco i 1999 vart oppkjøpt av Ford, som hadde naudsynt økonomi for å gjera ferdig bilen. Think City, som den nye modellen vart heitande, vart sett i serieproduksjon og over 1000 bilar vart produsert, men Ford stogga produksjonen då det viste seg at det ikkje lenger var krav om å produsere nullutslepp-bilar for California.

Verksemda vart difor kraftig redusert og i januar 2003 vart firmaet seld til Kamkorp Microelectronics, som er eigd av forretningsmannen Kamal Siddiqis. Det vart deretter arbeid med å utvikla ein mikro-buss for bruk i byar. Fleire prototypar vart utvikla, men køyretøyet kom ikkje i sal. Verksemda gjekk konkurs den 28. februar 2006, men den 9. mars same år vart buet Think Nordic kjøpt opp av ei gruppe norske investorar, der Inspire AS car den viktigast investoren, men Jan Otto Ringdal og nokre av dei tilsette i Think var òg sentrale partnarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]