Thomas Münster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Thomas Georg Münster (1. mars 185510. mars 1938) var ein bergmeister, ordførar og stortingsmann. I tillegg var han entomolog med særleg interesse for biller, ein av skiparane av Norsk entomologisk forening. Han var både fødd og døydde i Oslo.

Berg- og myntmeister[endre | endre wikiteksten]

Münster var son av ein metallurg, og tok sjølv bergeksamen i 1878. Han avla praktisk prøve i 1879, og var sidan knytt til Bergverket og Den Kongelege MyntKongsberg det meste av sitt yrkesliv. Han arbeidde som assistent ved Norges Geologiske Undersøkelser 1882-1897, for det meste på Oslofeltet. 1899-1906 var han myntmeister, 1906-11 bergmeister i Finnmark og 1911-1918 bergmeister i 'Østlandske bergdistrikt'. Han skreiv fleire arbeid om geologi, særleg om Gudbrandsdalen.

Ordførar og stortingsmann[endre | endre wikiteksten]

Münster var medlem av formannskapet på Kongsberg frå 1885-96 og 1899-1904. Han var ordførar i 1888, 1892-96 og 1900-04. Ei tid var han stortingsmann, han møtte på Stortinget fyrste gongen i 1891 frå 6. mars som varamann for representanten frå Kongsberg. Periodane 1892-94 og 1895-97 var han vald stortingsrepresentant for Venstre frå Kongsberg. I 1891 var han medlem av landbrukskomiteen, sekretær i Odelstinget 1892-94, i landbrukskomiteen 1892-97 og i Stortinget 1895-97.

Entomolog[endre | endre wikiteksten]

Münster var sannsynlegvis den som kom med idéen då Norsk entomologisk forening vart stifta i 1904. Han var vald til fyrste formann i foreininga, eit verv han hadde i 29 år. I 1937 vart han utnemnd til heidersmedlem.

Etter han gjekk av med pensjon som bergmeister i 1918 fekk Münster statsstipend for å vidareføre sitt vitskaplege arbeid med entomologien. Han arbeidde då ved Zoologisk museum i Oslo. Då han avslutta arbeidet, overlet han ei velorganisert insektsamling på over 80 000 biller, fordelt på 12 000 ulike artar, til Zoologisk Museum i Oslo og Bergen Museum. 65 av billeartane han omtala var nye for vitskapen [1].

1921-32 var han den fyrste redaktøren i Norsk Entomologisk Tidsskrift. Han skreiv meir enn 70 artiklar om entomologiske emne. [2]. Han gav ei omfangsrik, privat boksamling om entomologi til Universitetsbiblioteket i Oslo. I løpet av si levetid utarbeidde han eit manuskript i 12 store bind, der han oppsummerte samtlege av dei til då kjende funn av norske billeartar.

Zoogeograf[endre | endre wikiteksten]

Münster arbeidde også med zoogeografi. Saman med Knut Dahl og Johannes Lid skreiv han i 1924 verket A division of Norway into bio-geographical sectional areas agreed upon by botanists and zoologists [3]; [4]; [5].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Bokmålswikipedia

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sømme. L. 2004. Side 61.
  2. Sømme. L. 2004. Side 61.
  3. Knut Dahl, Johannes Lid, Münster, T. 1924.
  4. Natvig, L.R. 1938.
  5. Broch, H. 1938.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Hjalmar Broch:Minnetale over bergmester Thomas Georg Münster i Det Norske Vitenskapsakademiets årbok 1938, side 59-63.
  • Dahl, K., Lid, J., Münster, T.:A division of Norway into bio-geographical sectional areas agreed upon by botanists and zoologists. Videnskapsselsapets Skr., Mat.nat. Klasse No. 7. 18 sider. 1924.
  • Leif Reinhardt Natvig:Thomas Georg Münster i Norsk Entomologisk Tidsskrift, Bind 5. Side 49-54.
  • Entomologien ved Det Kongelige Frederiks Universitet. 1. Tidsrommet 1813-1907.. Norsk entomologisk tidsskrift. Bind 7 (1/2). Side 1-73.
  • Lauritz Sømme & Lars Ove Hansen (biletredaktør):Entomologiens historie i Norge. Norsk entomologisk forening * 1904-2004 - Norsk entomologisk forening, Zoologisk museum, Universitetet i Oslo. 326 sider. ISBN 82-996923-1-8. 2004