Thomas Piketty

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thomas Piketty
Thomas Piketty, 2015 (cropped).jpg
Fødd7. mai 1971
Clichy
NasjonalitetFrankrike
Områdeoffentlig økonomi, samfunnsøkonomi
Yrkesamfunnsøkonom, universitetslærar, skribent, manusforfattar
InstitusjonarParis School of Economics
École des hautes études en sciences sociales
Massachusetts Institute of Technology
Alma materLondon School of Economics
École normale supérieure
École des hautes études en sciences sociales
Lycée Louis-le-Grand
Lycée Descartes
Paris School of Economics
DoktorgradsrettleiarRoger Guesnerie
EktefelleJulia Cagé

Thomas Piketty (fødd 7. mai 1971) er ein fransk samfunnsøkonom. Han er særleg kjend for forskinga si på korleis fordelinga av inntekt og formue har utvikla seg over tid. Piketty er tilsett ved École des hautes études en sciences sociales (EHESS) og er professor ved École d'économie de Paris. Han har vore økonomisk rådgjevar for Ségolène Royal, presidentkandidat for det franske sosialistpartiet.

Piketty tok doktorgraden i samfunnsøkonomi som 22-åring og blei i 1993 stipendiat ved eit universitet i Boston, men vende tilbake til Paris etter eit forskingsopphald på tre år.[1]

Thomas Piketty reagerte negativt på matematiseringen og det teoretiske preget over amerikansk samfunnsøkonomisk vitskap. Han fatta tidleg interesse for å tilnærma økonomifaget til dei andre samfunnsvitskapane, og bidrog til å oppretta ei business-utdanning – Paris School of Economics – i eit blanda samfunnsvitskapleg universitetsmiljø.[treng kjelde] I Paris har Piketty særleg forska på historisk nasjonalrekneskap, fordelingsøkonomi og problemstillingar kring økonomisk vekst. Han var med i ei forskningsgruppe som gjennom ti år studerte økonomisk ulikskap, leua av Samuel Bowles og Pranab Bardhan, der også den norske samfunnsøkonomen Karl Ove Moene var med.[2]. Piketty har samarbeid mykje med Emanuel Saez ved University of California, Berkeley, medan britisk forsking har kvilt på samarbeidet med Tony Atkinson ved Universitetet i Oxford.[3]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

(utval)

  • Le Capital au XXIe siècle (Seuil, 2013)
  • Kapitalen i det 21. århundre (Oslo : Cappelen Damm, 2014)[4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Thomas Piketty, Kapitalen i det 21. århundre, 2013, Cappelen Damm 2014, side 57.
  2. Karl Ove Moene, forord til: Thomas Piketty, Kapitalen i det 21. århundre, 2013, Cappelen Damm 2014, side 7.
  3. Thomas Piketty, Kapitalen i det 21. århundre, 2013, Cappelen Damm 2014, side 7-8.
  4. Thomas Piketty bant rentenistene (12. desember 2014) Dagens Næringsliv. Vitja 4. mai 2020
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.