Thorvald Hellesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thorvald Hellesen
Hellesen-Selfportrait.jpg
Fødd 25. desember 1888
Christiania
Død

22. oktober 1937
Christiania

Yrke kunstmålar, skodespelar

Thorvald Hellesen (25. desember 188822. oktober 1937) var ein norsk målar frå Oslo, kjend for sine kubist-inspirerte dekorative verk.

Hellesen avla examen artium og gjekk så eitt år på krigsskulen, før han braut av for verte kunstnar. Deretter studerte han 1910-11 ved Statens Kunstakademi som elev under Christian Krohg. I 1912 reiste han til Paris, der han var elev hos Fernand Léger og vart kjent med avantgardistar som Pablo Picasso og andre. Han budde 23 år i Paris, med korte besøk til Oslo og København. Etterkvart vart han perifer i kunstmiljøet, og tok strøjobbar som filmskodespelar. Han vart mykje sjuk i 1937 og vart send heim til Oslo, der han døydde like etter.

Hellesen viste bileta sine i Noreg, mellom anna i 1919 i hovudstaden i utstillingshallen til Tivoli. I mars 1920 deltok han på «La Section d'Ors» sine utstillingar i Paris, same året som han laga hovudverket sitt; Les deux amis. Elles deltok han på utstillingar i «Salon des Indépendants» frå 1920 til -25. I 1925 deltok Hellesen på ei stor utstilling i Paris saman med ei rad leiande i avantgarden. Det var den fyrste internasjonale utstillinga med avantgardekunst etter verdskrigen.

Verk frå 1920

Stilen til Hellesen utvikla seg til å verte meir og meir dekorativ, tenkt nytta til større veggar og detaljar til arkitektoniske uttrykk. Til sjøfartsbygningen i Oslo, påbyrja i 1923, laga han dekorasjonar av plankubistisk karakter. I 1936-37 fargesette han eksteriøret i St. Annæ Passage i København. Han laga også mønster til tekstilar mm.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]