Tide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Crystal Clear filesystem file important.pngNøyaktigheit: Det er usemje om den faglege presisjonen på denne artikkelen. Han kan innehalde faktafeil.
Trolleybuss i Bergen med Tide-logoen i front. Mal:Alasdair McLellan
M/F «Tidesund» ved dåpen 21. juni 2008.
Foto: Gunnar Buvik

Tide er eit norsk transportverksemd som vart etablert 3. november 2006 som ei følgje av fusjonen mellom HSD og Gaia Trafikk. Verksemda har hovudkontor i Bergen. Tide hadde i 2006 1040 bussar, 30 ferjer og 10 båtar og verksemda var prisa til om lag 800 millionar kroner. Verksemda fraktar årleg rundt 39 millionar reisande. 25 millionar av desse i Bergen. Det er 3000 tilsette og ei omsetning på om lag 2,1 milliardar kroner.

Bjørn Ove Børnes er konsernsjef.

Dotterselskap[endre | endre wikiteksten]

Tide hadde i 2007 fire heileigde dotterselskap:

  • Tide Buss AS (Tidlegare HSD Buss og Gaia Buss) som står for det meste av busskjøringa i Hordaland. Tide Buss AS eig 100 % av Tide Verksted AS som er eitt av dei største tungbil verkstadene i Noreg . Tide Buss eig også 100 % av Tide Buss Haugesund AS (Tidlegare Haugaland Buss som HSD og Gaia eide 50% kvar av) som står for busskjøringa i Nord-Rogaland på oppdrag frå Kolumbus
  • Tide Sjø AS (Tidlegare HSD Sjø) som står for trafikk på sjøen med ferjer, hurtigbåtar og lokalbåtar i heile landet, samt Flaggruten mellom Bergen, Stord, Mosterhamn, Haugesund, Kopervik, Bokn og Stavanger. Tide Sjø AS eig 50 % av Nor-Ferjer AS som driv transport på sjøen med ferjer der Tide og Stavangerske i fellesskap har vunne ferjetrafikk på anbod bla. i Trondheimsfjorden og på Sunnmøre
  • Stavangerske AS som driv ferje og hurtigbåttrafikk i Rogaland. Stavangerske AS eig 50 % av Nor-Ferjer AS. Stavangerske AS og Tide Sjø AS blei fusjonerte hausten 2007.
  • Tide Reiser AS (tidlegare Gaia Reiser og tur- og ekspressbussverksemd i HSD Buss) som står for ekspressbuss, flybuss, turbuss og Charterbåtar i Hordaland og Nord-Rogaland.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]