Titus av Romarriket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Titus
Titus of Rome.jpg
Keisar av Romarriket
Regjeringstid79-81
Fødd30. desember 39
FødestadRoma
Død13. september 81
Aquae Cutiliae
FøregjengarVespasian
EtterfølgjarDomitian

Titus Flavius Vespasianus (30. desember 3913. september 81), eller berre Titus, var ein romersk keisar frå år 79 til år 81.

Før han blei keisar, vann Titus seg ry som militær kommandør. Han tente under faren sin i Judea under den første romersk-jødiske krigen. Då Vespasian blei utropt til kiesar i år 69, fekk Titus ansvaret for å slå ned det jødiske opprøret. I år 70 beleira og erobra han Jerusalem, og la byen og det andre tempelet i ruinar. Deretter blei Titus æra med ein triumf og minna med ein triumfboge i Roma.

Han etterfølgde far sin, Vespasian, etter at han døydde, og blei dermed den første romerske keisaren som etterfølgde sin eigen biologiske far. Som keisar er Titus best kjend for å fullføra Colosseum og for sjenerøsiteten sin etter to ulukker, vulkanutbrotet til Vesuv i år 79 og ein brann i Roma i år 80.

Titus var fødd i Roma, truleg den 30. desember år 39, som den eldste sonen til Titus Flavius Vespasianus —vanlegvis kjend som keisar Vespasian — og Domitilla den eldre.[1] Han hadde ei yngre syster, Domitilla den yngre (fødd år 45), og ein yngre bror, Titus Flavius Domitianus (fødd 51), kjend som Domitian.

Titus døydde etter knappe to år i embetet. Han blei erklært som gud av det romerske senatet og etterfølgd av den yngre bror sin, Domitian.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. Suetonius hevdar Titus blei fødd same året som Caligula blei drepen, 41. Men dette motseier utsegna hans om at Titus døydde i sitt 42. år, og Cassius Dio, som skriv at Titus var 39 då han blei keiar. Sjå Suetonius, The Lives of Twelve Caesars, Life of Titus 1, 11; Cassius Dio, Roman History LXVI.18; and Brian Jones; Robert Milns (2002). Suetonius: The Flavian Emperors: A Historical Commentary. London: Bristol Classical Press. s. 91. ISBN 1-85399-613-0. 
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.