Vespasian av Romarriket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vespasian
Vespasianus01 pushkin edit.png
Imperator Caesar Augustus
Fullt namn Titus Flavius Vespasianus
Fødd 17. november 9 i Sabine
Død 23. juni 79 i Roma
Føregjengar Vitellius av Romarriket
Gift med Flavia Domitilla
Born  
  1. Titus Flavius Vespasianus (f. 39)
  2. Titus Flavius Domitianus (f. 51)
  3. Domitilla, døydde som lita

Titus Flavius Vespasianus eller Vespasian (17. november 923. juni 79) var romersk keisar frå firekeisaråret 69 til 79. Han vart fødd i Falacrina i år 9 som son av Flavius Sabinus og Vespasia Polla. Faren var ein vellukka skatteinnkrevjar og bankier.

Mynt prega under Vespasian.

Vespasian kom til makta etter etter ein kort og kaotisk borgarkrig. Borgarkrigen braut ut etter at keisar Nero av Romarriket tok livet av seg i juni 68. Dei andre deltakarane i borgarkrigen var Sulpicius Galba (68-69), Marcus Salvius Otho (69) og Aulus Vitellius (69). Alle desse utropte seg i tur og orden til keisar. I motsetnad til Vespasian mangla dei militær stønad og politisk velvilje i det romerske senatet.

Under borgarkrigen var general Vespasian i Midtausten. Dei romerske styrkane der utropa han til keisar i juli 69. Legionærane hadde stor lit til Vespasian og oppfatta rivalen Aulus Vitellius som dekadent, umoralsk og militært verdlaus. Vitellius var kjend som ein nær ven av keisar Nero. Vespasian heldt seg i Judea medan løytnant Antonius Primus invaderte Italia og erobra Roma med hjelp av styrkar fra Pannonia og Balkan.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vespasian av Romarriket