Tjuekrone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Tjuekrone eller tjuekroning vart frå 1874 til 1910 utmynta i gull som norsk hovudmynt. Frå 1994 har tikronen vore utmynta som ordinær skiljemynt.

Gulltjuekrona[endre | endre wikiteksten]

Etter Lov om Pengevæsenet, vedteken 17. april 1875, skulle 124 tjuekronestykke innehalde 1 kilogram fint gull. Mynten skulle vere framstilt av myntgull med 90 vektdelar gull og 10 vektdelar kopar. Diameteren skulle vere 23 mm.

Den første utgåva hadde valøren oppgitt både i 5 spd og 20 kroner. Utgåva frå 1910 hadde portrettet av Håkon VII på adversen og Heilag-Olav på reversen.

Skiljemynt[endre | endre wikiteksten]

Tjuekrona kom som skiljemynt i 1994. Mynten har eit portrett av kongen på adversen og stamnen på eit vikingskip og valøren 20 KR på reversen. Under skipet står pregeåret med merket til Den Kongelige Mynt (no Det Norske Myntverket), krosslagd hammar og bergjarn. Fram til og med 2006 hadde reversen òg initialane til myntdirektøren.

Minnemynt[endre | endre wikiteksten]

Ved særskilde høve er tjuekrona gitt ut som minnemynt. Slik mynt kan vere ordinær skiljemynt.

År Tal prega Jubileum
1999 5 121 983 Akershus festning 700 år
1999 1 048 700 Mot ukjent land (minne om vikingferdene i vesterveg)
2000 1 032 307 År 2000
2002 1 048 700 Niels Henrik Abel 1802 1829
2004 500 000 Jernbanen 150 år
2006 832 500 Henrik Ibsen

Myntane[endre | endre wikiteksten]

Norske tjuekroner
Myntherre Metall Vekt Gull/sølv Utmynta år Kunstnar
Oskar II gull 8,96 g 8,06 g 1874-75, 1876-78, 1883, 1886, 1902
Håkon VII sølv 8,96 g 8,06 g 1910
Olav V nysølv 9,9 g 1994- Nils Aas

Kjelder[endre | endre wikiteksten]