Tom R. Jacobsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tom R. Jacobsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. februar 1953 (71 år)
Larvik
Idrett fotball

Tom Rüsz Jacobsen (fødd 20. februar 1953) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Tjølling i Vestfold. Han var målvakt og spelte 26 landskampar for Noreg i tida 1975-83. Etter tur var Jacobsen burvaktar i IF Fram frå Larvik, Bryne FK og Vålerenga i Oslo. Med Vålerenga sikra han seg tre seriegull og ein kongepokal.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Jacobsen var aktiv i Halsen IL før han gjekk til tredjedivisjonslaget Fram i 1972. Fram rykte i hans tid opp i 2. divisjon, men han er den siste frå nivå tre i norsk klubbfotball som har spelt på det norske landslaget (bortsett frå Roy Amundsen). I 1978 og -79 spelte han på Bryne i 1. divisjon. Jacobsen vart overført til Vålerenga før 1980-sesongen for rekordsummen 100 000 kroner. I sin fyrste sesong med oslolaget vart han cupmeister då VIF vann over Lillestrøm Sportsklubb med 4–1 i finalen. Sidan vart han seriemeister tre gongar; 1981, 1983 og 1984. Etter 100 seriekampar i Vålerenga-drakt gjekk han tilbake til Fram og vakta målet for laget i 3. divisjon frå 1985 til 1987. Deretter var han spelande trenar i Langesund IF og rykte opp med klubben frå 4. til 3. divisjon i 1988.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Jacobsen debuterte på landslaget i 1975, i ein kamp mot Sovjetunionen som enda med 0-4, medan han spelte for tredjedivisjonsklubben Fram. Fyrst i sin åttande landskamp opplevde han at nokon av lagkameratane på Noreg makta skåre et landskampmål. Jacobsen gjorde sin beste landskamp då Noreg vann 2–1 over Sveits i Bern, då han vart tildelt 10 poeng på VG-børsen. Han fekk gullklokka i sin 25. landskamp sommaren 1983 mot Bulgaria, og spelte ein landskamp til.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Noregsmeister: 1980 med Vålerengen
  • Seriemeister: 1981, 1983 og 1984 med Vålerengen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.