Torálesing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jødedommen
Star of David.svg
Skrifter
Tanákh
Torá · Nebiím · Ketubím )
medrásj · Mekhiltá
Haggadá · siddúr
Talmúd
Misjná · Jerusjalmí
Bablí · Toseftá
Emunót vede‘ót
Misjné Torá
Moré nebukhím
Sjulḥán ‘arúkh · Mappá
Me‘ám lo‘éz
S. jesirá · Bahír · Zohar
Gudsteneste og bøn
Tempelet i Jerusalem
synagoge · minján
sjaḥarít · musáf
minḥá · ne‘ilá · ʿarbít
Modé aní · Sjemá‘
torálesing
kaddísj · ‘amidá
prestesigninga
‘alénu
kiddúsj · hammosí
b. hammazón
habdalá
Merkedagar
det jødiske året
pesah · ‘omer · sjabu‘ót
tisj‘á beáb · seliḥót
rosj hasjaná · kippúr
sukkót · sjeminí ‘aséret
simhat Torá · hanukká
tu bisjbát · purím
Livssyklus
berít milá
pidjón habbén
zebed habbát
bar miṣvá · bat miṣvá
bryllaup
Rituelle yrke
rabbinar · ḥazzán
daján · gabbáj
sofér · sjoḥét
Daglegliv
halakhá · bet din
mat · kasjrút  sjeḥitá
mikvé · tebilá · sjabbát
tallét · tefillín
Kulturell inndeling
sefardisk · askenasisk
mizrahisk · jemenittisk
italkisk · romaniotisk
Beta Esrael · Bene Israel
cochini · b. Menasjé
Teologisk inndeling
samaritansk
karaittisk
rabbanittisk
ortodoks · ḥasidisk
konservativ · reform
rekonstruksjonistisk
renewal · humanistisk
 
Abrahamittiske rel.
Jødedom  kristendom
islam  bahá’í  sikhisme

Torálesing (hebraisk קְרִיאַת תּוֹרָה qərī’at tōrā el. קִרְיַת תּוֹרָה qirjat tōrā) er ein term for offentleg resitasjon av Toráen (Mosebøkene) i synagogen.

Ein del av Toráen, ein parasjá, blir lesen kvar veke. Det er 54 ulike parasjijót (eintal: parasjá), éin for kvar av dei 54 vekene i jødiske skotår. I kortare år, som berre har 50 veker, slår ein saman nokre av dei kortare parasjijót.

‘Alijjá[endre | endre wikiteksten]

Det å bli kalla opp for lesinga av eit avsnitt frå Toráen blir kalla ein ‘alijjá. Dette ærerike oppdraget blir delt mellom fleire menneske. På vanlege kvardagar med torálesing, det vil seie måndagar (eller evt. tysdagar i spesielle fall) og torsdagar, har ein tre ‘alijjót. Det første ‘alijjáen blir alltid gjeven til ein kohén om nokon slik er til stades; den andre blir gjeven til ein levitt; og den tredje blir alltid gjeven til ein «jisraél», det vil seie ein jøde som verken er kohén eller levitt. På høgtidsdagar er det fleire ‘alijjót, og på sjabbát er det heile sju av dei. Alle ‘alijjót etter dei tre første blir normalt gjevne til «jisraél». Dei som feirar ei stor hending i livet sitt, som bryllaup eller barnefødsel, blir gjerne kalla opp for ein ‘alijjá.

Ba‘al koré[endre | endre wikiteksten]

I riktig gammal tid var det skikken dei fleste stader at alle som vart kalla opp til ein ‘alijjá las bolken sjølv. Denne skikken finst framleis i nokre tradisjonar, men dei fleste stader er det no slik at det finst ein eigen ba‘al koré som les alle bolkane, medan dei som har ‘alijjá følgjer med i teksten og les signingane føre og etter. I egalitære synagogar er det òg vanleg å ha ei ba‘alat koré — ein kvinneleg lesar.

Bar misvá[endre | endre wikiteksten]

Den første lesinga frå Toráen er ei viktig hending i livet til ein jødisk gut og blir feira som bar misvá. I egalitær jødedom (t.d. konservativ jødedom, rekonstruksjonistisk jødedom og reformjødedom) blir bat misvá-feiringa for jenter oftast markert på same vis.

Bat misvá[endre | endre wikiteksten]

Simhat Torá[endre | endre wikiteksten]

På festdagen simhat Torá les ein den siste delen av Toráen og fortset vidare til det første avsnittet av byrjinga, for å vise at Toráen er ein slutta sirkel som ikkje tek slutt. Denne dagen fell på den 23. tisjré, om lag tre veker etter den jødiske nyårsfeiringa rosj hasjaná.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]