Tor Saglie
Tor Saglie | |
Fødd | 13. september 1949 (73 år) |
Yrke | embetsmann |
Tor Johan Saglie (fødd 13. september 1949) er ein norsk embetsmann og direktør i Arbeids- og velferdsetaten.
Han er utdanna ved Universitetet i Oslo, der han i 1976 vart cand.polit. med hovudfag i statsvitskap. Saglie var direktør for Universitetet i Oslo frå 1991 til 2003 og permanent departementsråd i Kommunal- og regionaldepartementet frå 2003 til 2006. Før det var han administrasjonsdirektør (kommunaldirektør) i Oslo kommune. Då Arbeids- og velferdsetaten vart oppretta 1. juli 2006, vart Saglie den fyrste direktøren for etaten. Tor Saglie har også hatt ei rekkje styreverv, mellom anna i Norsk statsvitenskapelig forening, Aker universitetssjukehus, CICERO Senter for klimaforskning.
Han er gift med Tove Strand,[1] som tidlegare har vore politikar og direktør for Ullevål universitetssjukehus.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Knut Olav Åmås [red.]: «Saglie, Tor» av Lisa Cooper i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008).
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Kan få gigantregning» av Per Arne Solend og Ulf André Andersen på Dagbladet.no (08.01.2008).