Hopp til innhald

Tove Strand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tove Strand

Fødd29. september 1946 (77 år)
Kongsvinger kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, samfunnsøkonom
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
FarNorvald Strand
EktefelleRune Gerhardsen, Tor Saglie
BarnMina Gerhardsen, Marte Gerhardsen
Alle verv
  • statssekretær (Finansdepartementet i Noreg, 1981–1981)
  • Norges sosialminister (1986–1989)
  • Norges fornyings- og administrasjonsminister (1990–1992) Sjå dette på Wikidata

Tove Astri Strand, tidlegare Strand Gerhardsen, (fødd 29. september 1946 i Kongsvinger) er ein norsk Ap-politikar og embetskvinne.

Strand er utdanna sosialøkonom ved Universitetet i Oslo.[1] Ho var sosialminister frå 1986–1989, og arbeids- og administrasjonsminister frå 1990–1992, begge gongane under Gro Harlem Brundtland.[1] Ho hadde også hatt fleire stillingar som statssekretær for tidlegare arbeiderparti-regjeringar. Frå 1997–2005 leia ho Norad.[1] Strand har tidlegare hatt direktørstillingar ved Rikshospitalet og Norges forskningsråd. Sommaren 2005 blei ho utnemnd til administrerande direktør for Ullevål universitetssykehus, og etterfølgde då Helge Kjersem.[2] Ho har også vore viseadministrerande direktør og direktør ved Oslo universitetssykehus[3]

Strand var visepresident i Norges Idrettsforbund 1994–1999. Ho har også vore styreleiar for Kronprinsparets humanitære fond.[1] I februar 2023 blei ho vald til leiar av Norske Idrettsleder-Veteraner (NIV).[4]

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Strand var tidlegare gift med Rune Gerhardsen og heitte då Tove Strand Gerhardsen. Ho har to døtrer, Mina Gerhardsen og Marte Gerhardsen. Strand er gift med Tor Saglie.[5] Ho er dotter av tidlegare Kongsvinger-ordførar Norvald Strand, og syster av den tidlegare Kongsvinger-ordføraren (2015–2019) Sjur Strand.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Tove Strand». Stortinget.no. 
  2. Strand ny Ullevål-direktør Tidsskrift for Den norske legeforening 15.04.2005 (besøkt 9. juni 2013)
  3. 75 års omtale i Aftenposten 29. september 2021
  4. «Protokoll for årsmøte 2023». NIV-Nytt (PDF). Norske Idrettsleder-Veteraner. Nr. 2 mai/juni 2023. 14. februar 2023. Henta 8. oktober 2023. 
  5. Tor Saglie vil bli justis-topp Verdens Gang 29.08.2012 (besøkt 9. juni 2013)