Torbjørn Hornklove

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Torbjørn Hornklove (norrønt Þórbjǫrn hornklofi) var ein norsk skald som var aktiv på slutten 800-talet. Fødeår og fødestad er ikkje kjent, heller ikkje når han døydde.

Norrøne kjelder[endre | endre wikiteksten]

I Skaldatal[1] er Torbjørn Hornklove ført opp som ein av skaldane hos kong Harald Hårfagre.

I Fagerskinna[2] blir han kalla berre «Hornklove» og der står det at han han var ein gamal ven av kong Harald Hårfagre og hadde vore i hirda hans alt frå barneåra. Snorre har sitert dikt av han i soga om Harald Hårfagre. I Egilssoga[3] er han nemnt som ein av skaldane hos Harald Hårfagre, og der blir det fortalt at han hadde setet sitt i det andre høgsetet[Note 1], mellom skaldane Audun Illskælda og Olve Nuva. I den historisk usikre forteljinga «Soga om kong Harald Hårfagre sine skaldar»[4] er det nemnt at han skal ha vore ein frende av hovdingen Rolv Nevja[Note 2]Opplanda. I dei norrøne sogene er ikkje fortalt noko meir om livet og lagnaden til Torbjørn Hornklove.

Farsnamnet (patronymikon) hans er ikkje kjent. I sogelitteraturen er Torbjørn omtala berre med tilnamnet «hornklove» og ein kjenner ikkje til bakgrunnen for namnet. Tydinga av sjølve ordet hornklofi er usikker, men er oftast omsett til «hornkløyvar». I Edda er hornklofi nemnt som ein av kenningane for «ramn».

Skaldskap[endre | endre wikiteksten]

Det er noko uvisst kva strofer som i røynda er gjort av han, men ein kjenner til to diktverk som vanlegvis blir tillagt Torbjørn Hornklove:
Glymdråpa[5] der han diktar om kampar som Harald Hårfagre hadde i Noreg og «syd for havet» (fyr haf sunnan) som må vise til Skotland og øyane i vest.
Haraldskvedet[6], òg kalla «Ramnsmål» (Hrafnsmál), byrjar med skildring av slaget ved Hafrsfjord og fortel til slutt om livet ved kong Harald si hird (i Haralds túni).
Eit vers av ei lausavise[7] er òg kjent, men tydinga av diktet er usikker og det er uvisst om Torbjørn Hornklove er forfattaren.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Det ringare høgsetet, andsynes setet der kongen sat.
  2. Rolv Nevja var far til Hild Rolvsdotter som var mor til Gange-Rolv

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Skáldatal på norrønt, frå is.wikisource
  2. Fagrskinna av P.A.Munch og C.R.Unger 1847 (norrøn tekst)
  3. Egilssoga omsett av Leiv Heggstad (Samlaget 1950)
  4. Saga skálda Haralds konúngs hárfagra frå heimskringla.no
  5. Glymdrápa av Torbjørn Hornklove (Skaldic Project)
  6. Haraldskvæði (Hrafnsmál) av Torbjørn Hornklove (Skaldic Project)
  7. Lausavise av Torbjørn Hornklove (Skaldic Project)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]